Skjold kyrkje

Skjold kyrkje

Skjold kyrkje ligg langs E 134 i Skjold.

Den gamle kyrkja i Skjold var ei trekyrkje frå 1887 med plass til 750 personar. Kyrkja vart sett fyr på og brann ned i 1992.

Nye Skjold kyrkje stod ferdig i 1999. Det er ei åttekanta kyrkje bygd i mur med plass til 400 personar.

Arkitekt Per Odd Aarrestad har hatt ansvar for kunsten i kyrkja, som han kallar ei «Oppstandelseskyrkje».

Alterskapet har oppstandelsesmotiv i raudt og gull. Når skapet er lukka, ser ein Kristus korsfesta.


Del denne artikkel på e-post