Sandeid kyrkje

Sandeid kyrkje

Sandeid kyrkje er ei langkyrkje i tre som vart vigsla i 1904. Kyrkja har 300 sitteplassar.

Den første kyrkja blei bygd ca 1100 (på den gamle offerstaden på middelalderkyrkjegarden). Dette var ei stavkyrkje som blei utvida i 1625, men forfall på 1700-talet.

I 1814 blei stavkyrkja riven og erstatta av ei lita kyrkje utan tårn. Denne kyrkja blei brukt fram til 1904, da nåverande kyrkje blei bygd.


Del denne artikkel på e-post