Dåp

Dåp

Kyrkjelydane i Vindafjord vil ynskja dykk til lukke med barnet de har fått, og velkomne til dåp!

Vil du vita meir om kyrkja sitt syn på dåpen, kan du gå til Den Norske Kyrkja si side om dåpen.
Ta kontakt med den lokale soknepresten om du lurer på noko.
Medlem i Den norske kyrkja
Gjennom dåpen vert barnet medlem i Den norske kyrkja. Det mest vanlege er å døypa i den kyrkja ein soknar til, men ein har høve til å velja ei anna kyrkje i prestegjeldet eller ein annan stad om det er ynskjeleg.

Før dåpen

  • Ring kyrkjekontoret og avtal dåpsdato.
  • Fyll ut skjemaet Innmelding til dåp (PDF, 44 kB) og send det til kyrkjekontoret. 
  • Skriv inn på skjemaet den avtalte dato, kyrkje og klokkeslett for dåpen. På skjemaet skal de føra på fødselsdato, personnummer og namn på barnet og  foreldra.
  • Det må også finnast 2-6 fadrar og namnet og adressa deira må førast på.
  • Legg ved stadfesting på namnet til barnet frå Folkeregisteret.
  • Send skjemaet så snart som mogleg til kyrkjekontoret. Det gjeld og ved dåp i andre prestegjeld.
  • Ikkje gløym å fylla inn dykkar eige telefonnummer så vi kan ta kontakt med dykk før dåpen og avtala dåpssamtale.

Fadrar
Ved dåpshandlinga skal det vera minst to fadrar forutan foreldra. Helst bør det ikkje vera fleire enn fem fadrar.

Fadrane er vitne om at barnet er døypt. Dei skal og vera med og be for barnet og gi hjelp til at barnet si tru på Jesus kan leva og utvikla seg. Det er ein rikdom for eit barn å ha fadrar som ber for det og viser det omsorg.

Fadrar må vera over 15 år og skal normalt tilhøyra Den norske kyrkja.

Dåpsamtale
De vert kontakta før dåpen med invitasjon til dåpssamtale. Ein går gjennom dåpsliturgien, snakkar litt om dåpen si gåve og oppgåve, og om det praktiske rundt dåpshandlinga i kyrkja. Det får også informasjon om Kyrkja sine tilbod om trusopplæring for barnet.


Del denne artikkel på e-post