Ansvar for graver

Ansvar for graver

 

Alle som har bustad i kommunen har rett til fri gravplass. Her finn du meir informasjon om ansvar for gravferd og graver.

TIL DEG SOM HAR ANSVAR FOR GRAVFERDA
Gravferdslova krev at ein enkeltperson er ansvarleg for gravferda. Vedkomande skal blant anna vera med og avgjere:
- kva gravplass den døde skal gravleggast på
- kven som skal vera ansvarleg/festar for gravstaden.
Ein kan gjerne engasjera gravferdsbyrå. Byrået vil med heimel i  fullmakt gjeven av den som syter for gravferda stå til teneste med å ordna det praktiske ved gravferda.
Ynskje frå avdøde bør respekterast så langt det er praktisk. Kremasjon kan skje med mindre dette er i strid med avdøde sitt ynskje.
 
BRUK AV NY GRAV
Alle som er busett i kommunen, har rett til fri grav. Dødfødde barn har same rett gjennom mor eller far. Retten til grav gjeld òg når avdøde grunna sjukdom eller alderdom har vore busett i annan kommune mot slutten av livet.

Kyrkjeleg fellesråd kan gi løyve til at personar utan bustad i kommunen vert gravlagt på ein gravplass i kommunen. Det kan då krevjast økonomisk dekking av kostnadane ved gravferda.

Kyrkjeverja avgjer kva grav som skal nyttast.

Feste (reservering) av grav vert berre gjort i samband med dødsfall. Ei festa grav er vanlegvis grava ved sida av avdød ektefelle. Desse 2 gravene utgjer då ein gravstad.
Pris feste av grav: 2 000,- for inntil 20 år.
 
BRUK EKSISTERANDE GRAV
Ei grav kan nyttast til ny gravlegging når det er gått 20 år etter sist gravlegging. Urne kan likevel setjast ned sjølv om fredingstida ikkje er gått ut. Ei kistegrav har plass til 6 eller 8 urner. Når det er ynskje om å nytta ei eksisterande grav, må den som sørgjer for gravferda henta løyve hjå den som er festar for gravstaden.
 
ETTER GRAVFERDA
Når jordhaugen på grava begynner å setja seg, normalt etter 4-6 månader etter gravferda, vil personalet på gravplassen jamne grava slik at den kjem i flukt med bakken. Deretter vil det bli sådd i gras.

TIL DEG SOM SKAL SETJA OPP GRAVMINNE
Alle gravminne som vert montert må vera godkjende av kyrkjeverja. Gravminne kan berre monterast på tilvist stad til avtalt tid. Det er dei pårørande som sørgjer for og har ansvar for stell av gravminne.

For at grava skal få tid til å setje seg og gravminnet stå stødig, skal gravminne normalt ikkje setjast opp tidlegare enn 6 månader etter gravlegging av kiste.
På ny festa gravstad vert gravminnet plassert i bakkant av den grava som først er tatt i bruk. Etter at grav nummer to er tatt i bruk, skal det berre brukast eitt gravminne og det skal stå på den første grava som er tatt i bruk.

Fastmonterte dekorgjenstandar, namneplater, fundament eller sokkel vert rekna som del av gravminnet og skal godkjennast av kyrkjeleg fellesråd.
Gravminnet skal monterast i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande reglar. Gravminnet skal sikrast med fundament og 2 stålboltar som bind saman fundamentet og gravminnet. Fundamentet skal vere dobbelt så breitt som gravminnet.
 
STELL AV GRAVSTADEN
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeida eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det må ikkje vera breiare enn gravminnet, men kan i alle høve vera opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikka lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkant av gravminnet. Det skal ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet eller går utover plantefeltet.

Plantefeltet kan rammast inn av bedplate eller delt natursteinskant som fluktar med terrenget rundt. Fellesrådet tek ikkje ansvar for skader på slik kant eller plate som vert påført under klypping av kyrkjegarden.

Lause dekorgjenstandar, gravutstyr og planter er ansvarleg festar sitt ansvar. Restar frå blomar, kransar, gravlykter må kastast på tilvist stad, og lause dekorting fjernast etter bruk. Desse må ikkje vera til hinder eller fare for drifta av kyrkjegarden. Det er viktig at alle deltek slik at gravplassane ser velstelte ut. Plantefelt som ikkje vert nytta vert sådd til med gras.

AVTALE OM STELL AV GRAV
Ved kyrkjekontoret er det mogeleg å gjera avtale om stell av plantefelt mot betaling. (Stelleavtale for inntil 20 år).

NÅR GRAV SKAL SLETTAST
Dersom festeavtalen ikkje vert fornya, vil gravstaden bli sletta når fredingstida er gått ut. Gravstaden kan slettast når det er gått 6 månader etter forfall på krav om festeavgift. Pårørande har eigedomsretten til gravminnet, men denne tilfell likevel kyrkjegarden om ikkje gravminnet vert teke bort ved opphøyr av festetilhøvet. 

FESTEAVGIFTER
Ei grav er gratis i fredingsperioden på 20 år. Festegrava må ein betala for. Etter at fredingsperioden er gått ut, kan festeavtalen forlengast med ein periode på 10 år om gongen. Er grava eldre enn 60 år må ein søkja fellesrådet om samtykke om ein ynskjer å festa grava vidare.
Festeavgifta er for tida kr 100 pr grav pr år.

DIVERSE
Det er Vindafjord kyrkjelege fellesråd som er ansvarleg for drift og vedlikehald av gravplassane i Vindafjord kommune.  Fellesrådet har delegert avgjerdsmynde til kyrkjeverja i dei fleste sakene som knyter seg til kyrkjegardane i kommunen.

GRAVFERDSSTØNAD
Det kan bli tildelt gravferdsstønad viss den døde var medlem av folketrygda. Stønaden er behovsprøvd. Meir informasjon finn du på heimesidene til NAV.


Del denne artikkel på e-post