BRUBYGGJAR

BRUBYGGJAR

Brubyggjaren er eit nytt tiltak for 6-åringar i Skjold, Vats, Ølen, Sandeid, Vikedal og Imsland. I Vikebygd blir også 5-åringane invitert. Bjoa får tilbod om Brubyggjar for 5 og 6-åringar neste vår.

Det er så mange slags bruer me byggjer i livet, eller livet byggjer for oss! No er barnet ditt 6 år og står framfor ei viktig bru: til hausten skal 6-åringane byrje på skulen.

I BRUBYGGJAREN snakkar me om ulike bruer. Me snakkar om Jesus som bygde nokon av dei viktigaste bruene for oss. Me bruker tid til undring rundt dei ter kyrkjehøgtidene på våren: Påske, Kristi himmelfart og Pinse.
BRUBYGGJAREN består av tre samlingar. me bruker LEGO i formidlinga og byggjer sjølve med lego. Me lagar ein ting, og me deler eit enkelt måltid i lag.

Tiltaket er for dei borna som skal starte på skulen i år, og barnet har med seg ein vaksen.

Her finn du brosjyra for Ølen i 2017. Ta kontakt med kateket Britt om du ikkje har fått invitasjon men ynskjer å bli med dei siste gongene.

 


Del denne artikkel på e-post