KONFIRMANT 2019

KONFIRMANT 2019

Konfirmant i ei av kyrkjene i Vindafjord våren 2019?

Her finn du ein del nyttig informasjon og påmeldingslinkar.

 

 

 

8.klassingane får i desse dagar besøk av prestane og kateketen med både skriftleg og munnleg informasjon. Det er litt ulik organisering av konfirmasjonstida i dei tre tenesteområda til prestane (Skjold/Vats/Vikebygd, Ølen/Bjoa, Sandeid/Vikedal/Imsland).
I brevet som 8.klassingane får utdelt vil der vera invitasjon til  INNSKRIVINGSSAMLING. Me synes det er kjekt og nyttig å få treffe både konfirmantar og føresette allereie i vår. I tillegg er det viktig for oss å få tid til å organisera tilrettelegging for konfirmantar som har særskilte behov for dette. NB- ALLE er velkomne som konfirmantar, uansett kva utfordringar ein måtte ha i livet!

Inforbrev Ølen, Bjoa
Infobrev Skjold, Vats, Vikebygd
Infobrev Imsland, Vikedal, Sandeid


Datoar for innskrivingssamlingar våren 2018:
Torsdag 31/5 - Vikebygd kyrkje kl.17.00, Skjold kyrkje kl.18.00, Vats kyrkje kl.19.00
Torsdag 31/5 - Vikedal, Imsland og Sandeid etter skuletid på Vikedal skule
Onsdag 13/6 - Ølen kyrkje kl.18.30, Bjoa kyrkje kl.20.00

Info og påminningar blir også lagt ut på Facebooksida vår: KONFIRMANTAR VINDAFJORD.

Noko av registreringa når det gjeld påmelding til konfirmasjon skjer her via nettsida vår. Dette gjeld hovudsakleg kontaktinfo og evt val av modellar/grupper. Sensitiv informasjon gir de direkte til prest/kateket, anten på eige skjema eller ved å ta kontakt. (Påmeldingsmodulen er satt opp slik at begge føresette må oppgi epostadresse. Det er berre konfirmanten som har høve til å skrive "nei" i dette feltet. Ta kontakt med kateketen dersom de får problem.)

PÅMELDING HER

NB - DE SKAL FÅ EI AUTOMATISK BEKREFTING PÅ EPOST NÅR PÅMELDINGA ER REGISTRERT!

 

Nokre viktige DATOAR for konfirmantåret 2018-2019 (- ikkje alt er klart enno....meir info kjem)


Presentasjonsgudstenester:
19/8 - Imsland
26/8 - Sandeid, Vikebygd, Skjold
2/9 - Vikedal, Vats, Ølen, Bjoa

Lysmesser (konfirmantane deltek):

2/12 - Vats
9/12 - Skjold, Vikebygd
16/12 - Ølen

Samtalegudstenester/Ung Messe:

5/4 - Vats
28/4 - Skjold
3/5 - Vikebygd

Konfirmasjonsgudstenester:

27/4 + 28/4 - Ølen
28/4 - Vats, Vikedal
4/5 + 5/5 - Skjold
5/5 - Bjoa, Imsland
12/5 - Vikebygd, Sandeid

Konfirmantleir:

15.-17.feb 2019 til Solgry, Felles for alle i Vindafjord
 

 


Del denne artikkel på e-post