KRØLLETREFF

KRØLLETREFF

 

2-ÅRINGANE I VINDAFJORD ER INVITERT TIL KRØLLETREFF!

Krølletreff er samlingar der me leikar/opplever bibelforteljing, syng og et i lag. Me får bli kjend med lammet "Krølle"( - om han ikkje har gøymt seg heilt bort då....med hjelp av 2-åringane så finn me han vel...)

Det er tre Krølletreff til saman, 2 før jul og ein gong etterpå.

Alle 2-åringar som er på våre lister får invitasjon i posten. Andre 2-åringar er også hjarteleg velkomne. Om barnet ditt ikkje har fått invitasjon men de vil vera med, så meld på og ta kontakt for detaljar !

Datoane dette skuleåret:
Vikedal/Sandeid/Imsland i Sandeid: 21/11 og 28/11
Ølen/Bjoa i Ølen: 26/11 og 10/12
Skjold/Vikebygd/Vats i Skjold: 19/11 og 3/12   1. SAMLING DESSVERRE AVLYST PGA. FOR LITE PÅMELDTE. OM MINST 5 STK MELDER SEG PÅ SNARAST SÅ KAN ME HA SAMLING 3/12

HÅPER MANGE BLIR MED OG LEITAR ETTER KRØLLE!

NB - all påmelding på nettet: HER

OBS - me har fått beskjed om litt "krøll" når det gjeld påmeldingsmodulen. Dersom det ikkje funkar på PC, så går det kanskje på nettbrett eller mobil. Om du prøver å melde på, men ikkje får det til så ta kontakt direkte med kontaktpersonen som er oppgitt i invitasjonen. Sjekk at du får påmeldingsbekrefting på epost.

Lurer du på noko? Kontakt Berit Stople


Del denne artikkel på e-post