ØKONOMISK STØTTE TIL KRISTENT BARNE- OG UNGDOMSARBEID

ØKONOMISK STØTTE TIL KRISTENT BARNE- OG UNGDOMSARBEID

Driv du kristent barne- og ungdomsarbeid? Sokneråda i Vindafjord tilbyr støtte til oppstart av nye tiltak, arrangament, utviklingsarbeid og leiartrening eller kurs.

Felles utval for trusopplæring (FUT) i Vindafjord disponerer på vegner av sokneråda pengar som blir samla inn til trusopplæring.
Av desse midlane har FUT vedtatt å tildela stønad til frivillige lag og organisasjonar etter søknad.

Det er utarbeidd retningsliner for midlane som vil bli tildelt fortløpande.
Det er sett av ein viss sum årleg for dette, og dersom søknadsmengda overstig denne summen må det leggjast fram for sokneråda om det kan løyvast meir midlar.

Det må søkjast på fastsett skjema - her
Det er ein føresetnad at ein følgjer vanleg praksis med budsjett for tiltaket og dokumentasjon av utgifter.

Har du spørsmål? Ta kontakt med kateket Britt Karstensen, britt.karstensen@vindafjord.kommune.no tlf. 45 22 15 80.

 


Del denne artikkel på e-post