DEN STORE SKATTEJAKTA

DEN STORE SKATTEJAKTA

DEN STORE SKATTEJAKTA

DEN STORE SKATTEJAKTA er eit opplegg for førsteklassingane i Vindafjord. (Dei minste kyrkjelydane har opplegg anna eller tredje kvart år for fleire klassetrinn.) Dette skuleåret blir det skattejakt i Imsland, Vikedal, Sandeid, Vats, Skjold, Ølen og Bjoa. Håpar du vil vera med!

Kyrkjene er eigentleg fulle av skattar, og på samlingane skal me leita etter nokre av dei. Kanskje finn me skattar der som me ikkje visste om.....kva er ein skatt eigentleg? Finns det skattar i Bibelen? Kan folk vera skattar? Dette skal me undersøkje! Me skal oppleve forteljingar frå Bibelen og kanskje læra nokre nye songar. Me skal laga nokre fine ting sjølv og me skal eta litt enkel mat i lag.

Det blir 3-4 samlingar på ettermiddagstid og ei Gudsteneste med utdeling av ei spennande bok. Alt foregår i kyrkjene. Datoane for dei ulike plassane finn du under påmeldingslinken.

Invitasjon blir delt ut via skulen eit par veker før oppstart. Om barnet din ikkje har fått så er det fint om de tar kontakt med kateket Britt, tlf 53656542 for å få alle detaljar.

PÅMELDING HER:

Imsland, Bjoa

Ølen/Ølensvåg

Sandeid, Vikedal

Skjold, Vats

 

 

 (NB - nokre gonger er det vanskeleg via PC - prøv då mobil eller nettbrett om de har sjans. Alle skal få automatisk bekrefting på epost når påmeldinga er registrert.)

DATOAR :

Imsland: 6/2, 13/2, 20/2, 6/3 kl.17.00-1830 og gudsteneste 10/3 kl 11:00

Ølen: 7/2, 11/2, 21/2, 4/3 kl.17.00-18.30 og gudsteneste 10/3 kl.11.00 (NB - veksling mellom måndagar og torsdagar!)

Vikedal: 13/3, 20/3, 27/3, 3/4 kl 17:00-18:30 og gudsteneste 7/4 kl 11:00

Sandeid: 21/2, 7/3, 14/3, 21/3 kl 17:00-18:30 og gudsteneste 24/3 kl 11:00

Skjold: 4/3, 11/3, 18/3 kl.17:00-18:30 og gudsteneste 24/3 kl.11:00

Vats: 5/3, 12/3, 19/3 kl.17:00-18:30 og gudsteneste 31/3 kl.11:00

(Bjoa,  - datoar ikkje klare enno. oppstart i veke 10 - etter vinterferien, gudst 31/3)


Del denne artikkel på e-post