Salmekveldar i Ølen kyrkje

Salmekveldar i Ølen kyrkje

Likar du å synga?

Me samlast i Ølen kyrkje for å synga saman frå salmeboka. Heilt uformelt og heilt uforpliktande. Noko er planlagt - og noko tar me på sparket etter innspel frå dei som er der. Me vil synga gamle og nyare salmar. Kanskje får du læra enkelte salmar som er heilt nye for deg. Slik kan me bli betre kjende med alt det flotte som står i salmeboka vår!

Tirsdag 17. mars kl. 19.30 - fokus på påsketida og våren

Alle er velkomne!

Sjå plakat

Arrangør: Ølen og Bjoa sokneråd


Del denne artikkel på e-post