OLSOKVANDRING I VATS

OLSOKVANDRING I VATS

Etter den gode oppslutnaden og dei positive tilbakemeldingane i fjor, vil det bli vandring i år også.

Søndag 29. juli vert det olsok-/pilegrimsvandring i Vats. Etter den gode oppslutnaden og dei positive tilbakemeldingane i fjor, vil det bli vandring i år, også. Det vil bli to ruter, som i fjor.
Den «lange» ruta startar på Frøland i Tørsdal. Den startar på 147 moh. Me følgjer ein traktorveg, og ein god og tørr sti. Høgast punkt er 280 moh, før me følgjer vegen ned mot Vindafjordtunet. Vandringa er på 4,2 km fram til kyrkja. I fjor varte vandringa om lag halvannan time i roleg gange, inkl. mange pausar.    Møt opp ved kyrkja kl. 16.30, og så vert det kameratkøyring opp til Frøland.
Den «korte» ruta er for dei som ikkje taklar terrenget på den andre vandringa. Den startar ved kyrkja og går på veg rundt Eide.                                                  
Oppmøte ved kyrkja kl. 16.50. Innhaldet i programmet vert likt på begge rutene.
Me møtest alle i kyrkja kl. 19.00. Der vert det ei kort gudsteneste med høve til ettertanke og refleksjon. Me får også dela nattverd i saman. Gudstenesta er open for alle, også om ein ikkje har vore med på vandringa.
Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi og noko å bita i.
I samband med denne vandringa, har det blitt laga gripekross. Det er små krossar ein kan bera med seg inni handa. Dei er laga av to karar her i Vats og kostar 100 kr stykket (Kontant/Vipps). Inntekta går uavkorta til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt i Thailand.
For Vats sokneråd; Olav Velde, Haldor Skare og Steinar Sørhus.


Del denne artikkel på e-post