INFORMASJON RETT HEIM

INFORMASJON RETT HEIM

Er det vanskeleg å halde styr på alle lappane i kvardagen?Ynskjer du informasjon om tiltak for barnet ditt rett i innboksen? Då bør du lese dette.

Kyrkja arrangerer trusopplæringstiltak for mange aldersgrupper, målet er å få til noko for kvar aldersgruppe i alderen 0-18 år. Dette er i hovudsak tiltak som går over ein kort, avgrensa periode (unntaket er konfirmasjonsundervisninga). Me snakkar ikkje her om alle dei flotte aktivitetane i kristen regi rundt omkring i bygdene som rullar og går heile tida.

Invitasjonar til trusopplæringstiltaka blir delt ut på skulane etter avtale med rektorane. Før skulealder sender me i posten til dei me har på listene våre. Alle er velkomne på tiltaka uansett kyrkjetilhøyrsle. Me veit av erfaring at det kan bli mange lappar på kjøkenbenken og i skulesekken å halde styr på..difor ynskjer me å gjera dette litt enklare for familiane:


Alle som frå og med 2018 har meldt seg på eit trusopplæringstiltak via heimesida vår vil automatisk få invitasjon på epost ved seinare høve. Sidan dette er ganske nytt vil me også gi tilbod om denne tenesta til alle som så langt ikkje har meldt seg på via nettet. De kan no melde på HER så vil de få informasjon og invitasjonar til tiltak for barnet dykkar anten på sms eller epost etter kvart som dei blir arrangert.

(Sjekk at de får bekrefting på epost at påmeldinga er registrert.)

OBS - de må uansett melde på for kvart einskild tiltak seinare, dette er berre for å få invitasjonen heim slik at de ikkje går glipp av noko. Me deler sjølvsagt ikkje epostlistene våre med andre. Om de seinare skulle ombestemma dykk og ikkje ynskjer vidare info på epost, så er det berre å kontakta kateketen så skal me sletta dykk frå epostlista.

Håper dette kan vera til hjelp i ein travel kvardag! Kontakt kateketen dersom de lurer på noko.


Del denne artikkel på e-post