FELLES INSPIRASJONSSAMLING
FELLES INSPIRASJONSSAMLING

FUT (Felles utval for trusopplæring) inviterer til 
INSPIRASJONSSAMLING 3/10 kl.19-22 på Kyrkjetunet i Ølen.

DU KAN MELDE DEG PÅ HER



Me er mange og driv på ulikt vis. Nokon har stått på i mange år, andre er nye i dette. Me håpar å samla leiarar frå alle lag og organisasjonar som driv kristent arbeid blant born og unge i Vindafjord, i tillegg til medlemmer i sokneråda og tilsette i kyrkja.

Temaet i år er: Song og musikk i trusopplæringa

Me skal få høyra korleis ulike kor vert drivne og få inspirasjon til korleis ein kan bruke song og musikk i arbeidet. Kva songar syng me? Er tekstane like gode i dag som då dei blei skrivne, kanskje inn i ei anna tid?

Me skal få synga saman, drøsa, dela idear og utfordringar - og få mat for kropp og sjel.

Om du berre har sans for arbeidet, men ikkje er leiar nokon stad, så er du også hjarteleg velkomen!

Me skal INSPIRERA KVARANDRE og LØFTA KVARANDRE OPP!

Det blir utdeling av TRUSOPPLÆRINGSPRISEN også dette året. Me gler oss stort til å dele ut prisen til nokon som fortener ein honnør for det frivillige arbeidet dei gjer/har gjort!

Sidan det blir MAT så må me ha litt peiling på kor mange som kjem. PÅMELDING innan TYSDAG 1/10  , eller på Facebook, på "Trusopplæring Vindafjord" sitt arrangement.

VELKOMEN!!!

 

Tilbake