4-ÅRINGAR - HEIME I KYRKJA

4-ÅRINGAR - HEIME I KYRKJA

No er det 4-åringane sin tur!

I Vindafjord kallar me tiltaket "HEIME I KYRKJA". Me ynskjer at 4-åringane skal bli kjend med kyrkja si og oppleve at her høyrer dei til.

Kyrkja har invitert til utdeling av 4-årsbok i "alle" år i ei gudsteneste der 4-åringane og familiane er spesielt inviterte. No inviterer me også til ei samling utanom gudstenesta der borna tar med seg ein vaksen og får bli godt kjend med si eiga kyrkja og dei andre 4-åringane i kyrkjelyden på laurdagen. På søndagen feirer me gudsteneste i lag med utdeling av bok slik som før, og håper både storfamilien og fadrane kjem og gjer ære på 4-åringen "sin"!

I Imsland, Vikebygd og Bjoa er det samling for 4- og 5-åringane annankvart år; Imsland og Vikebygd denne hausten, Bjoa neste år.

Dei borna me har på listene våre får invitasjon i posten, men alle andre 4-åringar er også velkomne. For planlegginga si skuld (det blir m.a. litt mat på laurdagssamlinga) vil me gjerne ha påmelding her på heimesida vår. (Det hender påmeldinga sviktar litt via pc - det pleier å gå betre om ein bruker telefonen.) Sjekk at de får tilbakemelding på epost at påmeldinga er registrert! 

Det er mest naturleg at 4-åringen blir kjend med si eiga kyrkje, men det er også muleg å få bli med i ei anna kyrkje dersom ein ikkje kan kome den aktuelle helga. Her er datoane for hausten 2018:

Vats 15. og 16. sept
Sandeid 15. og 16.sept
Vikebygd  22. og 23.sept (invitasjonar sendt ut)
Vikedal 22. og 23.sept (invitasjonar sendt ut)
Skjold 29. og 30.sept
Ølen 20. og 21.okt
Imsland 30.sept (utdeling av bok til 4-åringane i gudst) + 27.okt (samling i kyrkja for 4- og 5-åringane)

Lurer du på noko? Kontakt kateket Britt

VELKOMEN!!!
 


Del denne artikkel på e-post