Hei alle 3.klassingar i Ølen, Ølensvåg, Skjold og Vats!

Hei alle 3.klassingar i Ølen, Ølensvåg, Skjold og Vats!

Du veit vel at du er flott? Og om du ser rundt deg så er det jammen masse anna også som er flott her på kloden vårlaugh.
Dette skal du få oppdage meir av om du blir med på "MEG OG DYRA"!

I trusopplæringa skal me oppleva at me er ein del av ein større samanheng. Meg og deg - meg og familien - meg og dei andre - meg og dyra - meg i naturen..

No i tredje klasse er det deg og dyra og naturen som står i sentrum. I haust er det 3.klassingane i Ølen, Ølensvåg, Skjold og Vats som får invitasjonar til eit ekstra flott gardsbesøk. Dei frå Ølen og Ølensvåg får koma til Frønsdal Aktivitetsgard i Ølensvåg. Vatsbuen blir med Skjoldabuen på besøk til Haugen gard i Skjold.

Me skal sjå og bry oss om dyra, gå ein tur og leita etter ting, vera i aktivitet - få oppdaga  kor stilige me er og kor mange musklar me har, få "møta" nokon frå Bibelen som har ei spennande historie å fortelja, få noko å grubla på - og sjølvsagt eta litt i lag!

Invitasjonar har blitt delt ut på skulane - du kan også finne dei her: Ølen og Ølensvåg, Vats og Skjold.

Me har behov for å vita kor mange som kjem så fint om alle melder seg på her. Sjekk at de får bekrefting på epost , ta kontakt med kateket Britt om de lurer på noko.

VELKOMEN!


Del denne artikkel på e-post