Vindafjord barokkensemble

Vindafjord barokkensemble

Ølen kyrkje - torsdag 23. mai kl. 20.00
Gammal musikk har ei eiga evne til å hjelpe oss å senke skuldrene og puste med magen. Ein lys maikveld fyller Vindafjord Barokkensemble Ølen kyrkje med vakker musikk. 

Denne gongen har dei med to elevar frå kulturskulen: Benjamin Landro på fløyte og Vebjørn Eikje Blikra på piano.
Inngang: kr 100. Under 18 år: kr 50.
Det blir vaflar og kaffi/te frå kl. 19.30.
Alle er velkomne!

Vårkonsert med Vindafjord Barokkensemble

På vegen frå vår til sommar, byr Vindafjord Barokkensemble på ein kveldskonsert i Ølen kyrkje  torsdag 23. mai.

Vi får også høyre to lovande, unge musikantar  frå Vindafjord i samspel, Vebjørn Eikje Blikra frå Vikedal på piano og Benjamin Landro frå Ølensvåg på fløyte. Saman vil dei spele musikk som er samansett av to komponistar. Musikken vart det seinare sett tekst til, og er no kjent av mange som «Ave Maria». Det var den franske komponisten Charles Gounaud  som skreiv ein melodi over Bach sitt Preludium i C-dur. Dette gjorde han vel hundre år etter at Bach levde.

På programmet til Vindafjord Barokkensemble finn vi mellom anna musikk av dei tre mest markante musikkprofilane frå 17- hundretalet: Bach, Händel og Vivaldi, men også eit spanande knippe med fransk og svensk musikk frå same tidsbolken. Vindafjord Barokkensemble har desse musikarane på konserten: Aleksandar Glisic - fiolin, Hogne Heggebø - fiolin, Venevil Birkelund - tangentinstrument m.m. Linas Dakinevicius - , Kjell Ravatn - fløyter og gitar m.m.

Gjennom ein avtale mellom Sokneråda og Vindafjord Barokkensemble blei det halde konsertar sist haust og fleire konsertar dei komande åra. Støtte frå kulturmidlar i bispedømmet gjer det mogeleg å halde ein låg billettpris. Det er ekstra insipirerande å ha med flinke ungdommar frå kulturskulen på denne konserten.

Ensemblet  blei starta som resultat av eit seminar i kulturskulen i fjor haust med musikaren Rastko Roknic. Han er ekspert på tidleg musikk og er aktiv i ulike ensemble både i Sverige og Danmark. Inspirert av dette seminaret, bestemte deltakarane seg for å lage eit fast ensemble for å gjere musikken frå denne tida meir kjent.

Vi ønskjer velkomen til konsert, og dei som kjem i god tid før høve til å nyta vaffel og kaffi før konserten.


Del denne artikkel på e-post