FEST PÅ SLOTTET

FEST PÅ SLOTTET

Imsland kyrkjelyd inviterer til FEST PÅ SLOTTET for alle 4- og 5-åringar i Imsland.

Alle som er født i 2013 og 2014 og som bur i Imsland skal få kome og bli kjent med kyrkja si. Rundt om i dei andre kyrkjene i kommunen få barna kome dagen før dei skal få 4-års boka i kyrkja.I Vindafjord kallar me tiltaket "HEIME I KYRKJA". Me ynskjer at barna skal bli kjend med kyrkja si og oppleve at her høyrer dei til.

I Imsland samlar me 2 årskull uavhengig 4-års gudstenesten. Derfor vil me no prøve ut "Fest på slottet" i Imsland. Barna skal få gå på oppdagingsferd i kyrkja, me skal syngje, høyre bibelforteljing, ete litt og meir til. Til slutt får dei med seg kvar si bok "Fest på slottet".

Dei borna me har på listene våre får invitasjon i posten, men alle andre 4- og 5-åringar er også velkomne. For planlegginga si skuld vil me gjerne ha påmelding her på heimesida vår. (Det hender påmeldinga sviktar litt via pc - det pleier å gå betre om ein bruker telefonen.) Sjekk at de får tilbakemelding på epost at påmeldinga er registrert! 

Lurer du på noko? Kontakt trusopplærar Berit Stople


Del denne artikkel på e-post