ROMSAGUDSTENESTE

Kyrkja blir flytta til ROMSA 11. august!



Båtlaget vil sørga for skyss når kyrkja i Ølen og Bjoa inviterer til ROMSAGUDSTENESTE søndag 11. august kl. 12.00. Det går småbåtar kl. 11. Møt opp på Ølen Brygge eller Innbjoa kai i god tid. Ta med flytevest, sitjeunderlag og det du treng av niste og drikke. Prest KARI VIK STUHAUG står for gudstenesta, og JAN og LENA D. HUSEBØ står for musikken i gudstenesta, og kanskje får me litt underhaldning frå dei til maten etterpå også. Då vil også TERJE LUNDE fortelja litt om Romsaøyane.
Plan B i fall dårleg ver er å ha gudstenesta i løa på Haukelandsgarden (legg til båt ved Grindaneset). Me oppdaterer informasjon her på sida og på Facebook (Kyrkja i Ølen og Bjoa). Båtane går i retur frå Romsa kl. 15.00. Kjekt om folk kjem i eigne båtar også, kom i god tid, slik at det er mogeleg å organisere og legge til.

Tilbake