BIBELEN PÅ LANGS
BIBELEN PÅ LANGS

"Bibelreisen" - temakveld om Bibelen på Kyrkjetunet i Ølen



Vi skal over to kveldar ha «Bibelreisen» som tema på Kyrkjetunet. Bibelreisen passar for alle vaksne, og er ikkje avhengig av forkunnskap om Bibelen. Første samling er 12. september, og den andre er 18. september. Begge kveldar byrjar vi kl. 19. Det blir pause med kaffi og te.

Den 12. sept. er det Gamle testamente som har fokus, mens den 18. sept er det Nye testamente det handlar om. Kurset kjem med garanti om at sjølv den mest erfarne bibellesar vil lære noko nytt!

Per Hjemdal, sokneprest i Etne, er kurshaldar desse kveldane. Hjemdal har teke kurs for kurshaldarar av «Bibelreisen». Per er ein engasjert formidlar som på ein levande måte deler si glede over Den gamle boka. Han har halde same kurs andre stader, mellom anna i Uskedalen, Nysæter og Lykling kyrkje, med svært god respons.

Vel møtt til alle!

Temakveldane er eit samarbeid mellom Vågen Bedehus, Kyrkjetunet og Ølen/Bjoa Sokneråd

Tilbake