Sterkt avgrensa aktivitet i kyrkjene
Sterkt avgrensa aktivitet i kyrkjene

Som følgje av retningslinene frå  statlege og kommunale styresmakter for å avgrense smitte av koronaviruset avlyser Kyrkja i Vindafjord all unødig aktivitet inntil vidare.



Det inneber følgjande: 
-          Alle gudstenester blir avlyst.
-          Konfirmantundervisning blir avlyst.
-          Alle aktivitetar innan trusopplæringa blir avlyst. Det gjeld babysong og skattejaktsamlingar med meir.
-          Gravferder blir gjennomført – med næraste familie/pårørande til stades, maks 50 personar. 
-          Avtalte dåp kan bli gjennomført i eigne dåpsgudstenester. Presten tar kontakt med dei som har meldt dåp. 
Det kan bli endringar for dei store konfirmasjonsgudstenestene etter påske. Kyrkja vil koma tilbake til meir informasjon om dette. 
 
Kyrkja ønskjer å vera tilgjengeleg for folket og dei som ønskjer samtale i ein krevjande periode for heile samfunnet. 
Prestane og andre er tilgjengelege først og fremst på telefon, der avtale også kan gjerast om enkeltvise tenester om åndeleg omsorg. Kontaktinformasjon finn du på www.vindafjord.kyrkjer.no. 
Om du ønskjer å snakke med annan prest eller diakon eller tenne eit digitalt lys eller skrive ei bøn er www.nettkirken.no og Kirkens SOS tlf.  22 40 00 40 open heile døgnet.
 
Vi skal ikkje ta på kvarandre men ta vare på kvarandre!
 
Venleg helsing Kyrkja i Vindafjord

Foto: Pixabay

Tilbake