Om gravferd
Om gravferd

Gravferdsgjennomføringa i Vindafjord har endra rammer. Men det fins fleire måter å vise medkjensle til dei pårørande.



Folk i Vindafjord er uvanleg flinke til å møta opp i gravferder. Forutan familien møter både naboar og vener – ikkje berre av avdøde, men også vener og naboar av dei pårørande. Alle vil vera med på å visa medkjensle i sorga. Difor er det ekstra tungt for alle partar at det nå er sett avgrensingar på frammøtet ved gravferder. Men her er det diverre ingen veg utanom. Det kan berre vera maksimalt 50 personar til stades. Det seier seg sjølv at dette først og fremst gjeld dei næraste – men også for dei gjeld maksimumstalet. Også her må ein vera merksam på at det kan komma endringar, slik at gjeldande tal gjeld til ny informasjon evt. måtte komma. I Vindafjord vil dato og klokkesletti hovudsak bli kunngjord på vanleg måte, sjølv om gravferdene i praksis er lukka. Men det er likevel andre måtar å visa medkjensle på. Mange har gjerne flagg og flaggstong. Flagging på gravferdsdagen kan vera eit fint uttrykk for samkjensle med dei pårørande, men også gode ord og helsingar når høvet måtte by seg. Blomar kan ein senda til gravferda på vanleg måte.

Tilbake