Vinnarane av PÅSKEVANDRING er...
Vinnarane av PÅSKEVANDRING er...

Og dei heldige vinnarane av PÅSKEEGG etter PÅSKEVANDRINGA er....

Dei heldige vinnarane av påsekeegg etter PÅSKEVANDRINGA ER:

Eiril og endre Enge m/familie
Lill-Inger Velde m/familie
Martine og Ingrid Olava Berge m/familie

Mange tok runden med mobilen og til kyrkja og fekk læra noko om påsken. Takk for innsatsen alle saman!

 

Me treng alle å lufte oss litt. Kvifor ikkje ta med dei du bur i lag med på ein liten PÅSKEVANDRING TIL KYRKJA DI? - med eller uten solbriller !

Slik fungerer det:

¤ De vel sjølv kva tid og kor de vil gå, men de må innom kyrkjegarden og ende opp ved kyrkja. (De kan jo f.eks gå lang tur i skogen først, eller rundt i hagen, eller finna ei turløype i nærmiljøet der det ikkje er for mange folk, eller.....før de tar turen til kyrkja for dei to siste postane)

¤ Alle oppgåvene ligg på nettet. Linkar finn de lengre nede i denne artikkelen.

¤ De tar med sjølv det de treng av utstyr pga smitterisiko. Sjå "Pakkeliste" lengre nede.

¤ Alle som er med på vandringa kan bli med på trekning av TRE STORE PÅSKEEGG! (Korleis du blir med i trekninga får du beskjed om på post 4 ..)

¤ Postane ligg ute her på nettet frå søndag 5/4 til måndag 13/4. NB - TREKNING AV PÅSKEEGGA BLIR MÅNDAG 13/4 kl.17.00 (ikkje søndag kl.16 som det står i post 4).

¤ Det kan vera lurt å SJÅ DENNE LILLE FILMEN heime i lag før de startar - då blir kanskje spørsmåla litt lettare ;-)

¤  Også må me gi ein STOR TAKK til små og store i familiane Velde Eskeland (Vats) og Stople Sørhus (Skjold) for flotte og sporty bidrag i filmsnuttanesmiley

 

Pakkeliste:

  • TELEFON (alle oppgåvene ligg på nett)
  • NISTEMAT og DRIKKE ( og kanskje litt påskesnop?)
  • VÅTSERVIETTAR e.l.
  • EIN POSE TIL SØPPEL
  • EIT FLAG TIL Å VIFTE MED
  • NOKO Å SKRIVA PÅ/MED når de skal løyse rebusen på siste stasjon (papir & blyant eller tlf)
  • GODT HUMØR
  • GODE KLER
  • GJERNE NOKO TIL Å PYNTE PÅ EI GRAV MED

Det er 4 postar.

Post 1 og 2 : De vel sjølv kor på turen de vil opna desse.

Post 3 opnar de ved gravplassen.

Post 4 opnar de ved kyrkja.

Her er postane:

POST 1       + liten film til post 1

POST 2       + liten film til post 2

POST 3       + liten film med bønesong til post 3

POST 4       + liten film med song til post 4
(Linken for melde seg i trekning av påskeegga fuskar visst litt av og til.. dersom den ikkje fungerer direkte frå posten så prøv her, eller send mld til 45221580 med namn, tlfnr og orda de kom fram til på post 4 så skal me leggja dykk til på lista over dei som er med i trekninga likevel)

HÅPER DE BLIR MED!

(- også viser me sjølvsagt omsyn og held avstand dersom me møter andre som også er på vandringwink)

 

Tilbake