Og dei heldige vinnarane frå PINSEVANDRINGA er...
Og dei heldige vinnarane frå PINSEVANDRINGA er...


 Dei heldige vinnarane av sommarpakke etter PINSEVANDRINGA er

Sigrid, Selma og Kjell Kalstveit.

GRATULERER!

 


 

Vandringa kan gjerast ENKEL ELLER OMFATTANDE, heime i stova eller ute på tur. Me foreslår at de vaksne les gjennom postane på førehand og bestemmer kor masse de vil gjera + kor de vil vera. Nokon er glade i å syngja, andre synes det er kjekkare å høyra på. Nokon er friluftsfamiliar som gjerne lagar til mykje i skogen, andre trivst best i heim og hage. Deler av post 4 kan ein gjerne gjenta fleire gonger i sommar.
BRUK DEI IDEANE SOM PASSAR FOR DYKKAR FAMILIE smiley


Kvar familie som er med på pinsevandringa kan REGISTRERA SEG og bli med i trekning av ei SOMMARPAKKE som inneheld ei super vannsklie og ei nydeleg bok om pinseforteljinga (+ nokre overraskelsar !).
HUSK: Den treeinige Gud og pinsehøgtida kan vera vanskeleg å forstå seg på. La tankane fly – opna opp for det som er for stort for forstanden – ikkje tenk at de må finna alle svara her og no. Undra dykk i lag med ungane – dei er ofte flinkare til det enn oss vaksne!

TUSEN TAKK til Saga, Brynjar, Lavrans og Siren Krokedal for fint bilete me får visa på nettsida vår!


Dette treng de til vandringa:
• Opplada mobiltelefon/nettbrett – til å lesa postane og finna andre nettbaserte ressurser.
• A4 ark + ei skei – nok ark til å laga papirfly og papirbåt for alle som er med (post 1 og 2)
• Evt utstyr til å laga drage: 2-3 ulike farga plastposer, hyssing, f.eks. blomsterpinner, tape, sytråd og tynn synål, saks, tusj (post 1,sjå oppskrifta på nettet)
• Evt kniv til å laga barkebåt (post 2)
• Gulerøter (ei til kvar, NB skal spisast – minigulerøter er praktisk. Brukar de vanlege store er det greitt å skrella + evt dela opp først , post 2)
• Evt badetøy/handkle (post 2)
• Bamse eller dokke + vatn til å leika dåp (post 2)
• Evt hårfønar (til bruk inne – post 3)
• For dei større borna: eit t-lys til kvar deltakar og gjennomsiktige glas til å ha t-lysa i, fyrstikker (post 3)
• Ting til å laga ein samlingsplass: for eksempel tepper, puter, leiketelt (inne), greiner eller anna materiale, telt, sitjeunderlag (ute) – sjå post 4
• (Enkel?) bursdagsmat: nistepakke/frukt/kake/pølse i brød (går fint å ha med på termos) eller litt godteri. Gjerne noko familien pleier å ha til bursdagsfeiring (post 4)
• Såpebobler (post 1 og 4)
• Flagg (post 4)
• Ballongar (post 4)

Linkar til ulike ressursar som de treng:
• Spotify speleliste Pinsevandring 2020
• POST 1 "JESUS PÅ FLYTTEFOT" + Film om Kristi himmelfart
• POST 2 "ELD OG VATN" + Film om Pinse
• POST 3 "EIN USYNLEG VEN"
• POST 4 "FAMILIEBURSDAG"
• Oppskrift på PAPIRFLY SOM FLYR LANGT på YouTube NRK Newton (post 1)
• Oppskrift til DRAGE AV PLASTPOSE (post 1)
• Ark med bilete av DØYPEFONTAR (post 2. PS – fasit på baksida. Kan vera kjekt å skriva ut og ta med)
• Google Translate (post 3)
• Songen «Thank you Lord for giving us food» - YouTube (post 4)
• Bøneark (post 4. Kan vera kjekt å skriva ut og ta med)


HUSK Å REGISTRERA DYKK for å bli med i trekning av premie.
Trekning tysdag 2.juni.

VINNAR blir kontakta direkte og namn lagt ut her + på Facebook: Trusopplæring Vindafjord.

Filmane om Kristi himmelfart og Pinsen er ein del av «Brubyggjaren» som er eit tiltak for 6 åringar. Filmane er laga ut frå boka "Peter, fiskeren som ble menneskefisker" som høyrer til Barabbas forlag, og er godkjend av forlaget til bruk i samband med pinseopplegget vårt. Sjekk gjerne meir ut på deira nettside: www.barabbasforlag.net

LUKKE TIL! God pinsevandring og GOD PINSE til alle!

Tilbake