Kyrkje opnar for gudstenester igjen
Kyrkje opnar for gudstenester igjen

Kyrkjene opnar igjen

Frå 17. mai begynte kyrkjene så smått å opna opp igjen i Vindafjord. Fleire stader var det open kyrkje i samband med kransenedlegging, og nokre stader var det tilrettelagt for å synga litt saman. 24. mai vert det for første gong på over to månader gudstenester i nokre kyrkjer. Kyrkja har fått sin bransjestandard for smittevern som blir følgt.

50 deltakarar
24.mai vert det gudsteneste i Skjold og Vikedal kl. 1100.

Frå pinse – førstkomande helg, blir det gudstenester etter oppsett plan. Dei vanlege smitteverntiltaka gjeld. Det inneber at til 15. juni kan inntil 50 friske personar samlast til gudsteneste (utanom personell), då med avstand ein meter. I fleire av kyrkjene vil ein vanlegvis kunne feira gudsteneste utan å koma opp i 50 personar. Personell følgjer med på antalet. Det kan dessverre innebera at besøkande nummer 51 ikkje får lov å koma inn. Me håpar likevel at kyrkjene blir fylt opp inn til denne grensa. Denne grensa gjer også at me gjennomgåande tilbyr dåp i eigne gudstenester i denne tida.

På pinsedag blir det gjennomført to like gudstenester rett etter kvarandre i kyrkjer der ein vanlegvis ligg rundt dette frammøtetalet eller høgare. I Ølen og Skjold blir det såleis gudsteneste kl. 10.30 og kl. 12.00. For å få dette til med tid til reingjering i mellom, blir gudstenestene litt enklare enn vanleg.

Regjeringa planlegg for at det kan avviklast arrangement med inntil 200 frå 15. juni. Det inneber at gudstenestene i sommar kan gå som planlagt. Men gudstenester knytt til festivalar og liknande blir lagde til kyrkjene.

Gjesteliste
Styresmaktene stiller krav om at ansvarleg arrangør skal kunne gjera greie for deltakarar ved evt. behov for smittesporing. Slik også i kyrkja ved alle tenester – også gravferd og dåp. Det inneber at det vil bli ført ei gjesteliste som presten har ansvar for å oppbevara og makulera etter 10 dagar.

Konfirmasjonar
Det er sett opp nye datoar for konfirmasjonar i august og september (sjå eigen oversikt). Me håpar det vil vera mogeleg å samlast minst 200 då også. Kyrkja vil koma med meir informasjon  i samsvar med gjeldande rammevilkår etter kvart.

Kyrkja i Vindafjord

 

Tilbake