Dåp i kyrkjene i Vindafjord

Medlem i Den norske kyrkja

Gjennom dåpen blir barnet medlem i Den norske kyrkja. Det mest vanlege er å døypa i den kyrkja ein soknar til, men ein har høve til å velja ei anna kyrkje i prestegjeldet eller ein annan stad om det er ønskjeleg.

Før dåpen

  • Ring kyrkjekontoret og avtal dåpsdato.
  • Fyll ut skjemaet Innmelding til dåp  og send det til kyrkjekontoret. 
  • Skriv inn på skjemaet den avtalte datoen, kyrkje og klokkeslett for dåpen. På skjemaet skal de føra på fødselsdato, personnummer og namn på barnet og  foreldra.
  • Det må også finnast 2-6 fadrar og namnet og adressa deira må førast på.
  • Legg ved stadfesting på namnet til barnet frå Folkeregisteret.
  • Send skjemaet og stadfesting av namn så snart som mogleg til kyrkjekontoret. Det gjeld og ved dåp i andre prestegjeld.
  • Ikkje gløym å fylla inn dykkar eige telefonnummer så me kan ta kontakt med dykk før dåpen og avtala dåpssamtale.

Fadrar

Ved dåpshandlinga skal det vera minst to fadrar forutan foreldra. Helst bør det ikkje vera fleire enn fem fadrar.
Fadrane er vitne om at barnet er døypt. Dei skal og vera med og be for barnet og gi hjelp til at barnet si tru på Jesus kan leva og utvikla seg. Det er ein rikdom for eit barn å ha fadrar som ber for det og viser det omsorg.
Fadrar skal vera over 15 år og normalt tilhøyra Den norske kyrkja.

Dåpsamtale

Før dåpen blir de kontakta av presten der de bur, med invitasjon til dåpssamtale. I dåpssamtalen går de gjennom dåpsliturgien, snakkar litt om dåpen si gåve og oppgåve, og om det praktiske rundt dåpshandlinga i kyrkja. De får også informasjon om Kyrkja sine tilbod om trusopplæring for barnet.

Ta kontakt med den lokale soknepresten om du lurer på noko.

Dåp i Den norske kyrkja

I heile den kristne kyrkja er dåpen det grunnleggjande sakramentet som dannar utgangspunkt for den døypte sitt liv i trua og i kyrkja. Den kristne dåpen vert praktisert på ulike måtar i ulike kyrkjer. I vår lutherske kyrkje har me barnedåp. Det er gjennom dåpen ein vert medlem av Den norske kyrkja.
Det er ein føresetnad for dåp av born at dei vert oppseda i kristen tru. Foreldra er ikkje åleine om dette ansvaret. Kyrkja har gode tilbod til borna på ulike alderssteg som me ventar at borna tek del i. Den norske kyrkja ventar at den som er medlem av kyrkja melder barnet sitt til dåp, og barnet bør, der det er mogeleg, døypast før det er tre månader gamalt.

Vil du vita meir om kyrkja sitt syn på dåpen, kan du gå til Den norske kyrkja si side om dåpen. Der finn du også liturgien for dåpshandlinga.

Kva skjer ved ein barnedåp i gudstenesta?

Før gudstenesta tek til, tek fadrar og dåpsfolk plass i kyrkja. Det er vanleg at den som ber barnet og den næraste familien går inn i prosesjon. I Vindafjord finn dåpshandlinga vanlegvis stad tidleg i gudstenesta. Berre førenamnet åt barnet vert nemnt i dåpshandlinga, men det fulle namnet vert lese opp på annan stad i gudstenesta. Dåpsfamilien deltek gjerne med enkle oppgåver, som å bere inn dåpsvatnet og lese bibeltekstar.

Dåpsfamilien, fadrane og heile kyrkjelyden blir minte på kva dåpen er, og seier saman fram truvedkjenninga som me døyper borna til. Ved dåpen takkar ein også for det nye livet og ber for barnet og dei som har omsorg for det. Foreldra og fadrane får eit særleg ansvar for å læra barnet om den kristne trua. Men dei er ikkje åleine om dette. Kyrkjelyden har også del i ansvaret for sitt nye medlem.

Dåp av ungdom og vaksne

Også ungdomar og vaksne som ikkje er døypte som barn er velkomne til å be om å bli døypt i kyrkja. Det er ikkje så uvanleg at unge i konfirmasjonsalderen melder seg til dåp. Dei kan følgje konfirmasjonsundervisninga utan å vere døypt, men må bli døypt før sjølve konfirmasjonen. Dåp av unge og vaksne kan skje i ei vanleg gudsteneste, men det er også mogeleg å ha eiga dåpsgudsteneste. Uansett vil liturgien vera litt tilpassa at det ikkje er eit lite barn som blir døypt.