Gravferd i Vindfjord

Gravferda skal skje innan to veker rekna frå dødsdagen. Alle har rett til å bli gravlagde på den kyrkjegarden dei soknar til, same kva trussamfunn dei høyrde til. Mange pårørande let eit gravferdsbyrå stå for noko av det som må gjerast før gravferda.

Prestane i Vindafjord har ansvar for gravferder i heile kommunen i kvar sine veker. Presten ønskjer å få tidleg kontakt med pårørande.

Gravferda er ei kyrkjeleg handling. Det vil alltid vera lesing frå Bibelen, bøn, minneord, andakt og salmesong. Pårørande er gjerne med på utforminga av handlinga.

Jordpåkasting skjer normalt ute på kyrkjegarden. Dersom det skal vera kremasjon, kan jordpåkastinga skje inne i kyrkja.

Den som er medlem i Den norske kyrkja har rett på prest, organist, kyrkjetenar og bruk av kyrkja til gravferdshandlinga utan betaling. Ved gravferd for ikkje-medlemmer og avdøde frå andre kommunar kan det koma rekning for tenesta.

Kyrkjeverja i Vindafjord (tlf. 53 65 57 93) har oversikt over kyrkjegardane i kommunen.

Gravferd

Ansvar for graver

Ved dødsfall kontaktar ein gravferdsbyrå. Dei sørger for vidare kommunikasjon m...   Les meir...