Konfirmasjon i Vindafjord
Her blir det lagt ut informasjon om konfirmantopplegget for skuleåret 23-24 i kyrkjelydane i Vindafjord i løpet av mai.
MERK:
Frå 2024 går kyrkjelydane i Skjold, Vats og Vikebygd tilbake til VÅRKONFIRMASJON!
Konfirmasjonsdatoar for 2024 er:
Vikebygd søndag 28/4
Skjold laurdag 27/4
Vats laurdag 4/5
Bjoa laurdag 4/5
Ølen laurdag 27/4 + søndag 28/4
Sandeid søndag 5/5 (OBS foreløpig dato)
Vikedal søndag 12/5 (OBS foreløpig dato)
Imsland søndag søndag 28/4 (OBS foreløpig dato)
Få inspirasjon og finn ut meir på TikTok-emneknaggen #konfirmantene

Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar. Bli utfordra, få nye opplevingar og kanskje nye vener?
Ulike tema vi skal utforske saman er: Kva skal eg bruka livet til? Korleis er Gud? Kva betyr eg for Gud, og Gud for meg? Kva skjer i ei gudsteneste - sånn eigentleg? Korleis kan eg bety noko for andre? Venskap og menneskeverd. Sorg, glede og kjærleik. Dåp og Nattverd. Bibelen. Tru, tvil og misjon. Miljø og rettferd. Kva skjer når me ber? Kven er Jesus og Den Heilage Ande? Korleis kan eg ta vare på meg sjølv?
I konfirmanttida er det tid og rom for å tenkje og stille spørsmål. Ei tid for å læra meir om Gud, den kristne trua, deg sjølv og om andre. Kyrkjelydane i Vindafjord ønskjer å gje eit godt tilbod med variert undervisning og aktivitetar. Det blir konfirmantleirar for alle i februar, medan modellane elles er litt ulike frå stad til stad. Sjå nedst på sida for meir informasjon for di bygd og lokal påmelding (blir lagt ut i løpet av mai).
Det blir også innskrivingssamlingar for potensielle konfirmantar og føresette med meir informasjon desse datoane:
Skjold kyrkje tysdag 6.juni kl.18 for Skjold, Vats og Vikebygd
Ølen kyrkje tysdag 6.juni kl.19 for Ølen, Ølensvåg og Bjoa
Vikedal kyrkje onsdag 7.juni kl.17 for Imsland, Vikedal og Sandeid
Generell info om konfirmasjon i Den norske kyrkja finn du også på www.konfirmant.no.
Her er nokre filmsnuttar om korleis det kan vera:
Kva er eigentleg konfirmasjon?
Konfirmantleir
Konfirmasjonsdagen
Lurer du på noko?
Spør ein prest eller kateketen.
Kontaktinfo til kateketen i Vindafjord:
Britt Karstensen
E-post: britt.karstensen@vindafjord.kommune.no
Tel. kontor: 53 65 65 42, mobil: 452 21 580