Vigsel i Vindafjord

Korleis går du fram for å avtale vigsel i kyrkja?

  • Ta kontakt med kyrkjekontoret (tlf. 53 65 57 93). Dei har oversikt over kva kyrkjer og tidspunkt som er ledige for vigsel i heile Vindafjord. Normalt kan ein ha vigsel kl. 14 eller 16 på laurdagar. Avtale om dato bør gjerast i god tid på førehand.
  • De må sjølve skaffe attest frå Folkeregisteret/Skatteetaten om at det ikkje er noko juridisk til hinder for ekteskapsinngåinga. Denne attesten skal ikkje vera meir enn tre månader gammal ved ekteskapsinngåinga. Ein søkjer på nettet: Skatteetaten.no
  • Attesten skal sendast til Kyrkjekontoret, Kleivavegen 2-4, 5574 Skjold i god tid før vigsla.

Slik er rammene for vårt samarbeid med brureparet:

  • Presten som skal forretta ønskjer å snakka med brureparet om vigsla og tar kontakt for avtale.
  • Ein vigsel er ei kyrkjeleg handling med gudstenesteleg karakter. Musikk og andre innslag må vera avpassa til det. Nokre element ligg faste, mens mange ledd kan gjerast på ulike måtar. Salmar, songar og musikkinnslag skal avtalast med presten og organisten. De kan ta kontakt med organisten på førehand og få tips om inngangs- og utgangsmusikk som han/ho har på sitt repertoar.
  • Det er ein fordel om brureparet er med på utforminga av seremonien. For å drøfta ting før vigselsamtalen kan ein snakka med presten som skal forretta, eller med sin lokale prest:
    • Ølen og Bjoa: Tlf. 472 53 529 
    • Imsland, Vikedal og Sandeid: Tlf. 413 25 280
    • Vats, Skjold og Vikebygd: Tlf. 932 45 645
  • Du kan finne vigselsliturgen og annan informasjon her
  • For medlemmer av Den norske kyrkja heimehøyrande i Vindafjord kostar det ikkje noko å gifta seg i kyrkja.
  • Dette er inkludert: Kyrkjetenar, organist og prest. I kyrkja er det lys på altaret. Prestane i kommunen har ansvaret for vigslar i kvar sine veker.
  • Minst ein av partane skal vera medlem av Den norske kyrkja.
  • Medlemmer av andre kristne trussamfunn kan søkja soknerådet dersom dei ønskjer å låna ei av kyrkjene til vigsel.