RINGEVENN og andre samtaletilbod
Kanskje du kan ha glede av ein RINGEVENN?
Ein ringevenn slår på tråden til personar som kjenner seg åleine,
til dømes nokre gonger i veka for ein prat om «laust og fast».
Å få ein RINGEVENN kan bety mykje for personar som kjenner seg einsame eller åleine.
Vi søkjer og frivillige som har lyst å vera ein samtalevenn. Den frivillige har taushetsplikt og retningslinjer som skal følgjast. Du kan melde deg som RINGEVENN ved å ringe/sende epost til Frivilligsentralen i Vindafjord.
Vil du ha ein ringevenn? Ta kontakt med oss på Frivilligsentralen!
Nina Frøyland treffer du på telefon: 48187762
e-post: nina.froyland@vindafjord.kommune.no
Liva Nesheim Fuglestein treffer du på telefon 48184078
e-post: liva.nesheim.fuglestein@vindafjord.kommune.no
Facebook Vindafjord Frivilligsentral
Kyrkja og Sanitetskvinnene i Vindafjord støttar opp om RINGEVENN.
Det er Frivilligsentralen som sørger for den praktiske organiseringa.
Ønskjer du å snakka med prest?
Prestane er tilgjengelege på telefon. Ver ikkje redd for å uroa. Du kan evt. sende SMS og be om samtale, så tar presten kontakt med deg.
Sokneprest Kristian Kyllingstad tlf. 905 23 560
Sokneprest Tsegayesus Hurisa Hunde tlf. 970 38 011
Sokneprest Kari Vik Stuhaug tlf. 472 53 529
Vi minner også om andre muligheter for samtale og chatting:
Nettkyrkja
Hjå nettkyrkja kan du chatte med prest eller diakon om det du har på hjartet. Dei er gode og profesjonelle samtalepartnarar og er pålagt teieplikt. Vit at det er nokon som tar imot deg og ditt liv. Det kan vera kva som helst.
I tillegg kan du be bøner og tenne lys via Nettkyrkja. Du finn også andaktar, Søndagstankar, som er fine å lesa.
Kirkens SOS - Tlf. 22 40 00 40
Du kan samtala, skriva melding eller chatte hos Kirkens SOS. Kirkens SOS har dyktige frivillige for samtale, om alt som skjer i livet.
SOS Telefon open: 07.00 - 03.00,
SOS Chat open: 18.30 - 22.30
SOS Melding garanterer svar innan 48 timar.
I alle kanalar kan du vera så anonym som du sjølv ynskjer.
Velkommen!