
8.-klassing?
No er det snart din tur!
PÅMELDING TIL KONF-27 i VINDAFJORD HER (opnar 1/5/26)
KONFIRMASJONSDATOAR 2027:
- IMSLAND - laurdag 8/5
- VIKEDAL - laurdag 8/5
- SANDEID - laurdag 1/5
- ØLEN - laurdag 24/4 og søndag 25/4
- BJOA - søndag 25/4
- VATS - laurdag 1/5
- SKJOLD - laurdag 24/4
- VIKEBYGD - søndag 2/5
Under finn de litt generell informasjon.
Få inspirasjon og finn ut meir på TikTok-emneknaggen #konfirmantene

Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar. Bli utfordra, få nye opplevingar og kanskje nye vener?
Ulike tema me skal utforske saman er: Kva skal eg bruke livet til? Korleis er Gud? Kva betyr eg for Gud, og Gud for meg? Kva skjer i ei gudsteneste – eigentleg? Korleis kan eg bety noko for andre? Venskap og menneskeverd. Sorg, glede og kjærleik. Dåp og nattverd. Bibelen. Tru, tvil og misjon. Miljø og rettferd. Kva skjer når me ber? Kven er Jesus og Den Heilage Ande? Korleis kan eg ta vare på meg sjølv?
I konfirmanttida er det tid og rom for å tenkje og stille spørsmål. Det er ei tid for å lære meir om Gud, den kristne trua, deg sjølv og om andre. Kyrkjelydane i Vindafjord ønskjer å gi eit godt tilbod med variert undervisning og aktivitetar.
Informasjon blir sendt i posten og delt i klassegrupper innan utgangen av mai. Her finn du invitasjonsbreva:
Skjold, Vats og Vikebygd
Ølen og Bjoa
Sandeid, Vikedal og Imsland
Det blir informasjonsmøter for potensielle konfirmantar og deira føresette:
- Vikedal kyrkje onsdag 3. juni kl. 18:00 for Imsland, Vikedal og Sandeid
- Skjold kyrkje onsdag 3. juni kl. 18:00 for Skjold, Vats og Vikebygd
- Ølen kyrkje onsdag 3. juni kl. 18:00 for Ølen, Ølensvåg og Bjoa
Spond.
Me bruker appen SPOND for informasjon og kommunikasjon gjennom konfirmantåret. Meir informasjon om dette blir gitt på møtet. Spør gjerne om å bli medlem i gruppene allereie no. Kodane er -
Sandeid, Vikedal Imsland : IGSTD
Skjold, Vats, Vikebygd: COWEA
Ølen, Bjoa: BTPBZ
Generell info om konfirmasjon i Den norske kyrkja finn du også på www.konfirmant.no.
Her er nokre filmsnuttar om korleis det kan vere:
Kva er eigentleg konfirmasjon?
Konfirmasjonsdagen
KONFIRMASJONSDATOAR I VINDAFJORD dei neste åra:
- IMSLAND - andre laurdag i mai
- VIKEDAL - andre laurdag i mai
- SANDEID - første laurdag i mai
- ØLEN - siste helga i april, laurdag og søndag
- BJOA - siste søndag i april
- VATS - første laurdag i mai
- SKJOLD - siste laurdag i april
- VIKEBYGD - første søndag i mai
Lurer du på noko?
Kontakt ein av prestane:
Elisabeth V. Fauskanger, sokneprest i Skjold, Vats og Vikebygd
e-post: EF475@kyrkja.no, tlf: 992 70 811
Eli Kolstad, sokneprest i Sandeid, Vikedal og Imsland
e-post: EK675@kyrkja.no, tlf: 909 97 717
Åse Selsvold, sokneprest i Ølen og Bjoa
e-post AS953@kyrkja.no, tlf: 456 05 184