Du er velkommen til å delta i konfirmantopplegget sjølv om du ikkje er døypt. Dåpen er en føresetnad for å delta i den avsluttande forbønsgudstenesta. Det er ikkje uvanleg at konfirmantar blir døypt. Ta kontakt, så skal vi i fellesskap finna ei løysing som passar til den enkelte.
Om du høyrer til eit anna kyrkjesamfunn enn Den norske kyrkja, kan du likevel ta del i konfirmantopplegget hos oss. Du treng ikkje bli døypt ein gong til dersom du er døypt i ei anna kyrkje. Du må likevel legga fram ein dåpsattest.