Høgt og lågt i livet med Gud
Til alle 7.klassingar
MELD PÅ HER
Hei! Her finn du invitasjonen til Høgt og lågt med Gud.
Hei du sjuandeklassing! Du er no på full fart inn i ungdomstida og snart på veg inn i ungdomskulen. Mykje skjer og ein kan verkeleg kjenne livet går både høgt og lågt i tida framover. Det kjem nye krav og nye utfordringar heile vegen! Me som trusopplærarar og kyrkjelydspedagogar ønsker gi vise deg korleis Gud kan være med i alt som møter deg i livet både vanskelege ting men og dei kjekke og spennande tinga.
Me vil gje deg ein dag med: andakt, grilling/mat, mange timar i klatreparken på Nedstrand og arbeid med postar som er lagt i ei løype i Tveit-skogen (samme plass som klatreparken er). Postane er inn mot temaet vårt "Høgt og lågt med Gud". Me brukar bibel og arbeider i grupper. Som avslutning på dagen skal me gå inn til ein gammal buhidlar som ligg langs kystvegen påTveit-neset. Der avsluttar me dagen saman.
Håpar du blir med! Frå oss trusopplærarar i Vindafjordkyrkjene.