KOM OG BLI MED i leiken på bedehuset i Vikedal. Les meir her og HUSK å melde på!
PÅMELDING HER!
Alle gutar og jenter, født 2017, -18 og -19, frå Vikedal og Imsland som likar å leike, syngje og danse kan bli med på småbarnssong. Me skal ha 5 samlingar der me skal leike oss med song og dans og spele på rytmeinstrument. Me skal syngje litt kjente songar og lære ein del nye songar.
Småbarnssong er ein del av trusopplæringa i Vindafjord.
Alle som vil vere med må melde seg på innan 23.januar
Datoane for samling er:
25.jan., 1.febr., 8.febr., 15.febr. og 22.febr.
kl. 17:15 - 18:15
Småbarnssong kostar 100,- kr. Betal med Vipps nr 539920 og merk med Småbarnssong og fullt namn på deltakar.
Me vil gjerne at alle skal få bli med! Ver ikkje redd for å melde på sjølv om det skulle vere vanskeleg med betaling i denne tida. Det går fint å be om betalingsfritak. SJÅ MEIR INFO HER
Ta gjerne kontakt om noko er uklart til Berit Stople
e-post berit.stople@vindafjord.kommune.no eller tlf. 92486743
Les gjerne INVITASJONEN HER