Gudstenester 1. søndag i advent er AVLYSTE


På grunn av vedvarande smittetrykk i Vindafjord og lokale innstrammingar blir alle gudstenester i kommunen søndag 29. november avlyste, unntatt dåpsgudstenester.

 

[BILDETEKST]

Lokale retningsliner opnar for å gjennomføre eigne dåpsgudstenester og gravferder. For dåpsgudstenester gjeld regelen med maks 20 deltakarar på offentleg stad. For gravferd gjeld maks 50 deltakarar, føresett at personar som ikkje er i same husstand kan halda min. 2 meters avstand i alle retningar.

Det er ekstra viktig å halda avstand no når smitten er nær oss, vaska/desinfisera hender og at personar med symptom held seg heime.

I Ølen og Bjoa var planen å ha familiegudsteneste 1. søndag i advent med utdeling av bibel til 5. klassingane (i Bjoa også bok til 4-åringar). Kyrkja inviterer i staden 5.klassingane til familiegudsteneste med utdeling av bibel

Ølen kyrkje søndag 10. jan. 2021 kl. 11.
Bjoa kyrkje søndag 17. jan. 2021 kl. 11.

4-åringane vil få invitasjon neste haust.

Det blir dåpsgudsteneste i Sandeid kyrkje kl 11:00 og kl 12:30.

Tilbake