6.- 9. februar markerte Haugaland prosti 900-årsjubiléet for Stavanger Bispedømme. Samefolkets dag, SAMMEN-dag for born, salmekveld og jubileumsgudstjeneste 9. februar, var noko av det folk på Haugalandet fekk oppleva.
Barnekoret song fleire gonger under gudstenesta i Vår Frelsers kirke. Foto: Steinar Skartland
Inviterte til fire dagars bursdagsfest

Siri Guttorm Hetland og Lillian Rushfeldt starta jubileumshelga med å markera Samanes nasjonaldag. Foto: Eirik Samdal Lund / Lånt frå bispedømmet si webside.
– Når vi fyller 900 år er det verdt å feira skikkeleg, og det gjer vi med ein fire dagars bursdagsfest, sa prost Rune Steensnæs Engedal.
Arrangementa desse dagane var felles for alle kyrkjelydane i prostiet.
– SAMMEN er vald som overskrift for kyrkja si jubileumsfeiring, så det er helt naturleg at heile prostiet feirar saman. Det vart særlig merka på "Sammen-dagen" i Aksdal der dei samla born frå heile Haugaland prosti, og på jubileumsgudstenesta søndag 9. februar. Denne vart den einaste gudstenesta på Haugalandet denne dagen, og mange samlast i Vår Frelsers kirke, sa Engedal til kyrkja sin web før arrangementet.
Kor med deltakarar frå flire kyrkjelydar song (Foto Steinar Skartland)

Prost Rune Steensnæs Engedal og biskop Anne Lise Ådnøy

I inngangsprosesjonen i Vår Frelsers kyrkje deltok prestar og kateket frå Vindafjord (Foto S.Skartland)