Vindafjord kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


5.KLASSING?


UTDELING AV KONFIRMANTBIBELEN

Fleire kyrkjelydar strevde med å få invitert 5.klassingane til gudstenester med utdeling av Biblar i vinter då alt stengte ned. Me prøver på nytt, på ulike vis, med gudstenester og/eller andre type samlingar.

Her er foreløpig oversikt (blir oppdatert etter kvart som datoane er klare):

SKJOLD: Gudsteneste søndag 2.mai kl.11:00
+ Spesialkveld på HFOF fredag 28.mai ( meir info kjem)

ØLEN: Samling på Kyrkjetunet kl.1430 og Gudsteneste kl.1700 søndag 9.mai. 

VATS: Friluftsgudsteneste på Refsnes 6.juni kl.11.00

BJOA: Familiegudsteneste søndag 2. mai kl. 11.00.

SANDEID: Gudsteneste søndag 30. mai kl.11.00

VIKEDAL: Gudsteneste søndag 2. mai kl.11.00

Dersom nokon ikkje har høve til å bli med, men ynskjer å få Bibelen likevel, så ta kontakt med kyrkjekontoret eller lokal prest så finn me ei løysing.

Utdeling av bibel til 5.klassingane er ein del av Den norske kyrkja sitt trusopplæringsarbeid. Men 5. klassingar som ikkje er medlem der er også velkomne til samlingar og gudstenster og vil då få Bibelen dei også.

Tilbake