Jubileumskonsert Bjoa kyrkje 29. okt.


Velkommen til fleire konsertar, temakveld og kulturarrangement i regi av Ølen og Bjoa sokneråd framover!

 

[BILDETEKST]

Bjelland og mannskap heldt konsert i Ølen kyrkje 21. okt.

Jubileumskonsert fredag 29. oktober kl 19.00  i Bjoa kyrkje - 126 år

Der får me høyra Vindafjord Soul Children, Thomas Alvseike (saxofon), Trond Ponce (song og gitar), Juri Kotkovitch (orgel). Liv Kari Bødtker fortel om kyrkja.  Konserten var annonsert i fjor haust, i samband med at Bjoa kyrkje då var 125 år, men gjekk i vasken pga. pandemien.

Gratis inngang. Kollekt til dåpsfat og dåpskanne i sølv.

Det blir også jubileumsgudsteneste i Bjoa kyrkje 31. oktober der Prost Rune Steensæs Engedal deltek og tre barn skal døypast.

Økland Foto

Rytme og urytme i livet - keramisk kunst, utstilling og arrangement
Keramisk Kunsthandverk – Karoline Emmerhoff - les meir her

 

"Reisa heim" - KURS med Egil Svartdal
6 kurskveldar på Kyrkjetunet.  Sjå meir info her Samarbeid mellom Kyrkjetunet og soknerådet.

 

Tilbake