Vindafjord kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


DEN STORE SKATTEJAKTA


Bli med på DEN STORE SKATTEJAKTA!

Les meir og meld på

Kyrkjelydane i Vindafjord inviterer til DEN STORE SKATTEJAKTA!

Kyrkjene er eigentleg fulle av skattar, og på samlingane skal me leita etter nokre av dei. 

Kanskje finn me skattar i kyrkjene som me ikkje visste om.....og kva er ein skatt eigentleg? Finns det skattar i Bibelen? Kan folk vera skattar? Dette skal me undersøkje! Me skal oppleve forteljingar frå Bibelen og kanskje læra nokre nye songar. Me skal laga fine ting sjølv og me skal eta litt enkel mat i lag.

1.-4.klassingane frå Bjoa hadde skattejakt før jul.

2.klassingane i Ølen og Ølensvåg startar med første samling torsdag 29/1

1.klassingane i Skjold, Vats, Vikedal og Imsland har samlingar i februar og mars. 

Det blir nokre samlingar på ettermiddagstid og familiegudsteneste med utdeling av bok. Alt foregår i kyrkjene.

For alle bygdene: 

 

MELD PÅ HER

Betaling: Skattejakta kostar kr. 200,- Du kan betale til vipps nr. 694982 (merk med namn på kyrkja di og deltakar) (du kan også betale til konto, spør oss i tilfelle) 

Det går fint å be om betalingsfritak. SJÅ MEIR INFO HER

 

Nokre kyrkjelydar har opplegg anna eller tredje kvart år for fleire klassetrinn.

Det blir ikkje skattejakt i Vikebygd og Sandeid kyrje i år.

 

Her finn du linkar til invitasjonane dersom du ikkje har fått.
Håpar du vil vera med!

Invitasjon Ølen

Invitasjon Vats

Invitasjon Skjold

Invitasjon Vikedal

Invitasjon Imsland

 

Dersom du lurar på noko så ta gjerne kontakt med den som skal ha samlingane der du vil melde på. Så kven det er i invitasjonane


VELKOMEN TIL DEN STORE SKATTEJAKTA!

Tilbake