LYS VAKEN
"nyttårsfeiring" i kyrkja for 6.klassingar, 28.november-29.november !
Visste du at kyrkjeåret startar med 1.søndag i advent?
6.klassingane blir invitert til si kyrkje. Hos oss markerer me dette med LYS VAKEN - eit opplegg som også er i mange kyrkjer rundt om i heile Norge. Nokre plassar søv dei i kyrkja, andre plassar er det kveldsarrangement.
PS - om de høyrer kyrkjeklokker ringe kl.00.00 natt til 30.november så er det fordi 6.klassingane som overnatter ringer inn det nye kyrkjeåret
I Vindafjord blir det i år arrangert LYS VAKEN i desse kyrkjene:
Skjold, Vats, Vikebygd, Sandeid (for Imsland, Vikedal og Sandeid i lag)
Det er ofte mange som ynskjer å vera med på Lys Vaken, uansett om dei høyrer til i den norske kyrkja eller ikkje. Invitasjonar blir difor delt ut til alle på skulane eller på klassesider etter avtale. Om lappen ikkje har komt seg heim i ranselen eller andre ting du lurer på, så kontakt Berit Stople: bs654@kyrkja.no eller Ester L Åsheim: EA872@kyrkja.no
PÅMELDING HER
Me treng oversikt for planlegging og innkjøp. I Vats og Skjold er det overnatting så her er me strenge med fristen grunna innmelding til Brann- og redningsentralen med antall personar på overnatting, Dei påmeldte får meir informasjon på epost - viktig at minst ein føresett legg inn epostadresse.
Me treng og vaksne og foreldre for å få dette til. Det er difor viktig at du som forelder hjelper til der du kan.
VELKOMEN!