Søndag 15.juni 2025 vart ein flott og høgtidsstemt dag i Vindafjord. Dei to prestane: Elisabeth Vatland Fauskanger og Eli Kolstad vart vigsla til teneste som prestar i Den norske kyrkja. Biskop Anne Lise Ådnøy stod for vigslinga saman med Prost Rune Steensnæs Engedal og mange av dei som gjer presteteneste på Haugalandet.
Prost Rune Steensnæs Engedal, Elisabeth Vatland Fauskanger, Eli Kolstad og biskop Anne Lise Ådnøy etter gudstenesta med prestevigsling i Skjold kyrkje.
Utanfor Skjold kyrkje var det strålande sol som gjorde denne dagen ekstra flott då biskop i Stavanger bispedømme, Anne Lise Ådnøy, skulle stå for vigslinga av dei to nyutdanna prestane, Elisabeth Vatland Fauskanger og Eli Kolstad.
I kyrkja var det samla folk frå alle sokna i Vindafjord, då desse to kvinnene formelt skulle bli vigsla som prestar og til teneste som sokneprestar her hos oss. Elisabeth er no sokneprest i Skjold Vats og Vikebygd og Eli i Vikedal, Sandeid og Imsland sokn.
Både under inngongsprosesjonen, der speidarar og born deltok, kom dei inn i to lange rekkjer, alle prestane på Haugalandet og bakerst kom Elisabeth V Fauskanger, Eli Kolstad og biskop Anne Lise Ådnøy. Dei sessa seg framme på første rad medan biskopen tok plass ved alteret. Men før ho fekk sleppa til skulle eit lokalt barnekor med orkester få syngja fleire songar for oss.

Lokalt barnekor song fleire songar i starten av gudstenesta.

Biskop Anne LIse Ådnøy tala til dei to nye prestane før forbøna. Begge to har i mange år hatt ulike arbeidsrollar og erfaringar før dei tok til med teologistudium i vaksen alder. Det kan koma godt med å ha denne livserfaringa med seg ut i tenesta som sokneprestar.

Så gje meg handa di på det.

Eli Kolstad framførte vakker song til eigen musikk på flygelet og deltok seinare i gudstenesta saman med biskopen under nattverden.

Elisabeth V. Fauskanger kunne denne dagen halda si første preike over dagens tekst, som vigsla sokneprest i Skjold, Vats og Vikebygd sokn.
Les også meir om dei i kyrkjebladet Hyrdingen:
To nye prestar innsett i teneste i Vindafjord
"Kvinnedomindert kyrkje i Vindafjord"
(Meir kjem etter kvart frå gudstenesta - her)