Vindafjord kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Inghart Lasse Tveit vart takka av som kyrkjeverje i 28 år


Etter 28 år som kyrkjeverje i Vindafjord vart Inghart Lasse Tveit takka av under kyrkjekaffien i Skjold kyrkje, søndag 31. august 2025.  

Inghart Lasse Tveit motytek gåve frå Fellesrådet ved Asle Dagsland
Inghart Lasse Tveit mottek takk og gåve frå Fellesrådet, representert med Asle Dagsland.


I gudstenesta denne dagen var det sokneprest Åse Selsvold som var liturg
og prost Rune Steensnæs Engedal som hadde talen for dagen. 

Rett etter gudstenesta var det laga til kyrkjekaffi inne i rommet ved sida av kyrkjeskipet. Prosten leia her seremonien med både tale og rekkefølgje.  Første mann ut var Ottar Krakk på vegne av kyrkjeverjene i prostiet. Ottar var denne dagen også klokkar under gudstenesta, men er til vanleg kyrkjeverje i Tysvær.

På vegne av kyrkjeverjene på Haugalandet ville han overrekke ei gåve og helsing til Inghart Lasse når stafettpinnen nå går Grethe Austevik Halvorsen. Rollen som kyrkjeverjea har Inghart Lasse hatt i over 28 år. Ei rolle mange meiner noko om. Folkekyrkja i Noreg på sitt beste. Mange har eigarskap til det som skjer i kyrkjene våre. Eit teikn på at kyrkjeverja har ei viktig rolle.
– Når du nå trer ut av denne rolla vil eg på vegne av oss kollegaer få ønskja deg gode pensjonistdagar.
Så kunne Ottar på vegne av kollegaene på Haugalandet overrekkja ei gåve og ønskja han til lukke med pensjonistdagane.


Etter dette fekk redaktøren i kyrkjebladet Hyrdingen ordet og peika på at Inghart Lasse vart fødd same året som kyrkjeblade vart stifta. Nå dekkjer dette bladet kyrkjesokna i både gamle Vindafjord og Ølen. Inghart Lasse var også med i redaksjonen i nokre år tidlegare og redaktøren har samarbeida godt med kyrkjeverja for å få ut kyrkjebladet som organ for den lokale kyrkja, både sokneråd og tilsette. For redaksjonen i kyrkjebladet kunne han takka for godt samarbeid og ønskja Inghart Lasse lykke til som pensjonist. 
 

Ei helsing frå leiaren i Fellesrådet
Prosten tok igjen ordet og las han opp ei helsing frå leiar i Fellesrådet, Steinar Sørhus, som diverre ikkje hadde høve til å delta sjølv denne dagen. I helsinga sa Steinar Sørhus m.a.: 

– Etter 28 år som kyrkjeverje i Vindafjord går Inghart Lasse over i pensjonistane sine rekkjer. Eg har sjølv opplevd pensjonisttilværet som eit frislepp til å gjera det eg ikkje har fått tid til tidlegare når ein er i arbeid. Det kan bli travle dagar og ein stor overgang er det. Eg kan ikkje koma med råd til det du skal engasjera deg i, det finn du nok ut av sjølv då vi pensjonistar er ulike. Men eg gjettar at det for deg vil ha noko med lokalhistorie å gjera. 
Han trekte fram endringane som har vore i organisering av kyrkja. Frå statskyrkje til folkekyrkje og lokalt frå kommunalt styre til eit kyrkjelege råd som tek avgjerdene. Han var innom store utfordringar som brann og nybygg av kyrkje i Skjold og pandemien. Heldigvis hadde kyrkjeverja mange gode støttespelarar. Kyrkjeverja har mange oppgåver å fylla, som arbeidsgjevar, personalsjef, økonomi- og byggherre med vedlikehald av åtte kyrkjer, krav i arbeidsmiljølova osb. I tillegg er kyrkjeverja gravplassmyndigheita med ansvar for drift og stell av  14 gravplassar her i Vindafjord.  Heldigvis har ikkje Inghart Lasse måtta gjort alt åleine, men har hatt mange gode hjelparar: Frivilligheita, sokneråd og fellesråd, dei som lagar til kyrkjekaffi og møter opp til dugnad, dei som driv med diakoni og andakt på sjukeheimane, speidarleiarar, driv ungdomskafé, står for musikk i kyrkjene, driv barnekor mm. Vidare trekte han fram alle dei tilsette i kyrkja, både under kyrkjeverja og prestane. Han peika også på det gode samarbeidet med kommunen som  m.a. syter for økonomien.
– Til slutt vil eg på vegne av kyrkjeleg fellesråd takka deg for jobben du har gjort gjennom dei 28 åra du har vore kyrkjeverje og ønskjer deg ei rik tid som pensjonist, avslutta Steinar Sørhus helsinga si med.  
  

Asle Dagsland vart så kalla fram og på vegne av Vindafjord kyrkjelege Fellesråd overrekte han ei gåva til Inghart Lasse og takk for samarbeidet.


Inghart Lasse Tveit mottek gåve frå fellesrådet, repr. ved Asle Dagsland 

 
Etter dette hadde prosten sjølv ei helsing til Inghart Lasse Tveit.
– Ein æra er over. 28 år - nesten ein generasjon, sa prosten, og heldt fram:
– Som den historieinteresserte mannen du er, Inghart Lasse, så veit du noko om lange linjer og dei ulike epokane. Eg merka meg frå intervjuet i Haugesunds Avis at du din tippoldefar x 8 ar den første kyrkjeverja her på Haugalandet på 1600-talet, så her snakkar me om lange linjer. 
Prosten viste til Inghart Lasse sitt store engasjement for speidararbeidet og korleis dette har vore med og forma han gjennom livet.
– Me kunne le godt av Øystein Sunde si treffande linja: "En speider dør aldri, han bare lukter sånn." (Sånn er'e bare).  
– For nokre år sidan skremde du oss skikkeleg då du hasta av garde til Haukeland, men heldigvis ´stod du han av´. Jobben som kyrkjeverje er allsidig med ei blanding av store og små oppgåver. Det å følgja opp alle kyrkjebygga, gravplassane, tilsette, med økonomi og administrasjon er berre mellom dei tinga vi kan skriva ned og det er mykje anna som skal handterast. Dei ti åra me har samarbeida har det vore mange møtepunkt med store og mindre saker å finna ut av. Samarbeidet fem kyrkjeverjer på Haugalandet er veldig viktig for meg, sa prosten. 
– Du har stått på og vore trufast i tenesta, så då vil eg ynskja deg til lykke med tilværet som pensjonist.
Prosten overrekte som gåve ein engel som ei påminning om at Gud er med oss alle dagar. Dei gode dagane og dei som er litt meir krevjande.
– Eg ynskjer deg Guds velsigning og alt godt for åra som ligg føre deg.

Prosten hadde også gode ord til den nye kyrkjeverja, Grethe Austevik Halvorsen, som han ynskte velkommen. Også ho fekk ei gåve i form av ein engel som ho kan ha på kontoret. 
– Velkommen inn i fellesskapet.

Inghart Lasse fekk ordet til ein takketale. Han var glad for at han fekk bøker i gåve frå fleire. Det sette han pris på då han likar å lesa. Han mimra litt tilbake frå tida då han vart tilsett. Arbeidstilsynet kom på besøk og underkjende kontorlokalet han var tildelt.  Heldigvis var nye bygg på gang og han fekk kontor i Skjold. Han minnest mange gode og meiningsfulle samtalar på kontoret. 
– Eg sette veldig stor pris på at vi samlast her til ein kopp kaffi og tusen takk for gode ord og gåver frå alle her. Det blir ei endring i livet etter 28 år og 6 månader, sa Inghart Lasse mellom anna. 
– Eg opplever tenesta i kyrkja som svært meiningsfull og eg har hatt ei god tid som medarbeidar i kyrkja, sa han mellom anna, og takka alle som har vore med denne dagen for gode ord og gåver.


Til sist vart stunda avrunda med ein solosong av Per Egil Meling, bygd på ein bibeltekst:" Guds brød er det som kom ned frå Himmelen." 
– Eg vil først sei til Inghart Lasse: Hjartans takk for det gode samarbeidet vi har hatt, sa Per Egil Meling, som har hatt mange songstunder i kyrkja og fått ja til å arrangera desse. 

Tilbake