Tidlegare sokneprest Egil Larsen har her skrive ein andakt for hausten 2025. På trykk i Hyrdingen kom ein kortare versjon, men her kan du lesa heile teksten.
Presten har ordet
Av Egil Larsen, tidlegare sokneprest i Etne og Skånevik. Nå busett på Trovågfeltet sør i Vikebygd.
Ein sumar er på hell og det går mot haust. For mange betyr det hausting og flotte farger, for andre ei tid med kortare, mørkare og regntunge dagar. Eg har alltid vore glad i hausten. Eg likar å haustea, enten det gjeld frå eigen hage eller det eg finn i naturen og ikkje minst jakta. Det me hauster legg grunnlaget for livet fram mot neste haust. Me er avhengig av god haust. Om hausten er dårleg er det stor grunn til bekymring.
«Vær ikkje urolige for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka,» sa Jesus eingong. Urolige for livet? Kven av oss ber ikkje på uro for mange ting? Men neppe så mange av oss er urolege for kva me skal eta eller drikka. Stort sett har me mykje mat og drikke i vår del av verda. Bekymringar er nok likevel ein stor del av liva våre? Det er nok å nemna stikkord som: rekningar, ungane våre, eksamen og utdanning, livet kan gå i stykker, truande sjukdom, eller krig. Me har nok av ting å bekymra oss for.
Då Jesus talte desse orda, så trur eg at mange var bekymra for om dei fekk nok mat på bordet. Eg trur Jesus ville sei til folket: - Ver ikkje så bekymra for det! Han som forsyner fuglane under himmelen med mat, han bryr seg og med oss. Han har gitt oss ei verd med eit hav av mulegheiter. Vår Gud og Far i himmelen vil ta vare på oss. Berre våg å tru og stola på han!
For midt i livets strev står me i fare for å mista trua og tilliten til skaparen vår. Me blir rett og slett så opptatt av alt anna.
«Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal du få alt det andre i tillegg!» Det er eit utruleg sterkt løfte som står i same avsnitt som ordet eg siterte frå i Matteusevangeliet! Det er lett å tenkja motsett, nemleg å søka først alt det andre..
Tillit til at Gud vil ta vare på deg og gå saman med deg er ei kraft og styrke. Livet kan mange gonger vera ein kamp og det fins mange og nok av bekymringar. Men å tru på at Gud går med deg, og at Han er ein du kan stola på, det er ein ufatteleg rikdom.
Ein gong sa ei konfirmantmor til meg på konfirmasjonsdagen: ”Vi har bedt til Gud for familien og borna våre i alle år. Det er utruleg kordan Han har passa på oss og beskytta oss alle desse åra. Vi har sjølvsagt som alle andre hatt våre ting i familien. Men vi har så utruleg mykje å vera takknemlege for.”