Vindafjord kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Nu solen går ned - Bok av Guri Ravatn


Onsdag 10. september inviterte Vikebygd bedehus i samarbeid med soknerådet i Skjold, Vats og Vikebygd, til "Mat og Prat" på bedehuset. Guri Ravatn presenterte her kveldsbøner og songar frå boka ho kom ut med i 2024: "Nu solen går ned."

Det var godt frammøte i bedehuset denne kveldsstunda som tok til med eit måltid. Guri fortalde, las og song frå boka, og Kjell Ravatn akompagnerte på gitar. Fleire av songane vart til allsongar, og mange var kjende frå før, men også ein del ukjende for ein og annan av oss som deltok. Andre vekte gode minne. Guri fekk ei travel tid med å signere bøker ho selde då kvelden gjekk mot avslutning. 

Boka  inneheld 44 kveldsbøner og kveldssongar frå Haugalandet, Sunnhordland og Ryfylke. Innsamla av Guri L. Ravatn. Boka er illustrert av Dorota Cieslar og kom ut i 2024.

I forordet skriv Guri:

Denne vesle boka vart er resultatet av eit spontant arbeid, starta hausten 2020, nemleg innsamling av kveldsbøner og kveldssongar brukt før 1970, for meir enn 30 år sidan. Utgangspunktet og motivasjonen har vore at kveldsbøner og kveldssongar er folkeminne, ein del av vår kulturarv og viktig å ta vare på. Dwette er "Minne med meining" for lesarar og tilhøyrarar.

I boka finn du omlag 50 ulike bøner og songar, samla inn på Haugalandet, i Sunnhordland og Ryfylke. Arbeidet har vist at bøner og songar som har vore og er i bruk her, også vert brukt over store delar av landet, i nord og sør og i aust og vest.

Folkeminne vandrar og endrast undervegs. Difor vil ikkje alle tekstane vera slik du hugsar dei. Likevel håpar eg du vil finne glede i å gjenkjenna ei bøn eller ein song frå leggestunda i eigen barndom eller med eigne barn, frå skulen eller frå ei foreining.  

Kjell Ravatn sytte for musikk som gjorde det lett å syngja med i allsongen på dei ulike kveldsongane.

Det kostar ein del både å utarbeida og å gje ut ei bok. Guri fortalde at dette var noko ho hadde finansiert gjennom sparepengar ho hadde, men salet hadde gje godt så økonomien var ho ikkje uroa over. Etter at ho har vore rundt i ulike samanhengar og presentert boka, kveldsbønene og veldssongane, så er snart alle bøkene utselde. 

Tilbake