Kantor Solveig Meling Johannessen ønskjer å halda fleire konsertar i kyrkjene og ønskjer fleire songarar / musikarar velkomne til hennar framtidige prosjekt. Eit av desse var konsert og «helgemesse» i Ølen kyrkje den 2. november 2025 som 100års-jubileum for komponisten Egil Hovland.
Konsert "Allehelgensmesse" i Ølen
(Tekst og foto: Kjell Sigmund Bakke, 2.11.25)
Allehelgensdag eller helgemessesundag vert markert første helg i november, og er ein viktig dag for å minnast dei døde. Mange kyrkjer held opne denne dagen for å takka for livet som har vore, for samtale, lystenning og for å samlast i sorga og saknet.
Slik «helgemesse» vart halde i Ølen kyrkje den 2. november 2025 med deltaking av kor og musikkorps.
Messa blei leia av sokneprest Åse Selsvold. Kantor (organist) Solveig Meling Johannesen stod for den musikalske delen av messa. Den bestod av eit prosjektkor med 24 songarar, eit prosjekt-messingblåse-orkester, el-orgel og kyrkjeorgel.
Helgemessa i Ølen skulle markera 100 års jubileum for komponisten Egil Hovland, født i 1924. Han hadde skrive musikkstykket i lag med Olav Hillestad som skreiv teksten. Egil Hovland sitt «Allehelgensmesse-stykke» blei framført første gongen i Hamar domkyrkje i 1970. Den var mykje brukt på 1980-talet og fleire av songane blei sett inn i den norske salmeboka frå 1985. Helgemessa i Ølen kyrkje skulle eigentleg haldast året før, i 2024, men dei fekk det ikkje til det året og måtte utsetja framføringa til 2025.
Det var ei rimeleg fullsett kyrkje som fekk oppleva messa den kvelden. Det blei ei veldig flott markering av «Allehelgensmesse» og Egil Hovland sin kyrkjemusikk. Kantor Solveig Meling Johannessen ønskjer å framføra fleire slike konsertar og ønskjer fleire songarar og musikarar velkomne til hennar framtidige prosjekt.