Vindafjord kyrkjelege fellesråd har frå 1.9.2026 ledig 100 % stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar, med hovudarbeidsområde i kyrkjene i Vindafjord kommune.
Vil du ha ein variert organistjobb i sokna i Vindafjord kommune?
Vindafjord kyrkjelege fellesråd ønskjer at kyrkja skal være ein møtestad
kor det er plass til liv og tru, der kvar enkelt blir sett og får tillit. Ein stad med rom for både
glede og sorg, kreativitet og alvor, ro og undring.
Vi søkjer ein person som kan leie og vidareutvikle det kyrkjemusikalske arbeidet i kyrkjelydane.
Ved ønske om å gå inn i ein lågare stillingsprosent vil det og bli vurdert.
Sjå full utlysingstekst her.