Vindafjord kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


4-ÅRINGAR - HEIME I KYRKJA


Dei som fyller 4-år dette året får bli kjent med kyrkja si. Dei skal få vere

HEIME I KYRKJA

Kyrkja har invitert til gudsteneste med utdeling av 4-årsbok i "alle" år. I samband med gudstenesta på søndagen inviterer me også til ei samling på laurdagen eller ein vekedag (sjå i invitasjonen når den samlinga er for dykk) der borna tar med seg ein vaksen og får bli godt kjend i kyrkja si.

I Vikebygd, Imsland og Bjoa er det samling for fleire årskull kvart andre/tredje eller fjerde år, men gudsteneste med utdeling av bok til 4-åringane kvart år.

Alle 4-åringar er velkomne

Dato for gudstenester der 4 åringane får utdelt bok er:

Ølen 18.okt. kl. 16.00

Skjold 25.okt. kl. 11.00

Vikedal 18.okt. kl. 11.00

Vikebygd 25.okt. 13.00

Sandeid 25.okt. kl. 11.00

Vats 18.okt. kl. 11.00

Bjoa 29.nov. kl. 11.00

Imsland 25.okt. kl. 13.00

 

4-års samling:

På samlinga før(eller etter) gudstenesta skal me gjere oss kjent i kyrkja. Då skal me gå rundt i kyrkja og leite etter ulike ting. Me skal høyre forteljing frå Bibelen, me skal døype ei dokke, me syng saman og me et litt mat. Der det er samling før gudstenesta skal me øve litt på å gå inn i kyrkja i ei lang rekke (prosesjon).

Gudstenesta:

I Gudstenesta skal alle 4 åringane få gå inn i lag med presten når gudstenesta startar. Under gudstenesta blir det utdeling av ei flott 4 års bok - Bibelen for barn. Veldig fint om heile familien blir med, både foreldre, søsken, besteforeldre og faddrar.  

 

Her kan du lese invitasjonane når dei er klar til å bli sendt ut:

INVITASJON TIL ØLEN OG ØLENSVÅG

INVITASJON TIL SKJOLD

INVITASJON TIL VIKEDAL

INVITASJON TIL VIKEBYGD

INVITASJON TIL SANDEID

INVITASJON TIL VATS

INVITASJON TIL BJOA

Lurer du på noko? Kontakt leiaren for undervisninga i ditt område: Ester - Berit (sjå info i invitasjonen)

VELKOMEN!!!
 

Tilbake