Konsert med EMBLA i Ølen kyrkje


Ølen kyrkje - søndag 27. nov. kl. 19
 

EMBLA - konsert i Ølen kyrkje søndag 27. nov. kl. 19.00

Embla er ein feminin vokaltrio frå Tysvær, med maskulin musikalsk backing. Bandet spelar jazzinspirerte visesongar, eigenprodusert norsk musikk og eit variert knippe av låtar i ulike sjangrar. Alt pakka inn i fine harmoniar og eigenart. Embla har gitt ut to album, Når englane danse (2009) og Your smile (2016).

Vokal: Sissel Eikeskog Vibeke Osnes Kari Askheim Liknes Musikere: Aage Halleland, slagverk Gisle Molland, bass Lars J Liknes, tangenter Roy Strømø, blås Egil Lindanger, gitar.

Bill: kr 200 ved inngang. Under 18 år kr 50. Kontant eller VIPPS
 

Det blir meir musikk i Ølen kyrkje før jul:

JULEMAGI ved Erik og Amelie Aldner

Ølen kyrkje fredag 16. des. kl. 19.00

 

Vi ønskjer velkomen til konsertar!

Tilbake