Dropp-inn-dåp


Det er aldri for seint å bli døypt! Dåpen er for alle! Ung eller gammal, truande og tvilande. Kom som du er og kor du enn bur. Kyrkja ønskjer deg velkommen.

 

[BILDETEKST]

Blei det ikkje noko av dåpen? Kanskje var det pandemien som gjorde det vanskeleg? Eller valde foreldra dine ikkje å døypa deg? Uansett - du er velkommen til dropp-inn-dåp!

Korleis skjer Dropp-inn-dåp?

Du kan du melda deg på elektronisk på førehand, eller du kan berre møta i den kyrkja det gjeld når dagen er der (sjå oversikt nedanfor), uavhengig av kor du bur.

Når du kjem til kyrkja må du visa gyldig identifikasjon viss du sjølv vil bli døypt, eller fødselsattesten til barnet ditt, for registrering. Dåp av barn må skje etter samtykke frå begge foreldra. Husk difor skriftleg samtykke frå den andre foreldren dersom du kjem åleine for å få døypt eit barn under 15 år.

Du kan velja om du vil ha med eigne fadrar eller om nokon frå  kyrkjelyden skal vera det for deg.

Så får du ein prat med ein prest, før turen går til døypefonten. Der blir det ein fin, enkel og kort seremoni. I tid er dåpen kort, men tydinga er djup og varer livet gjennom.

Lettvint?

Dropp-inn-dåp kan kanskje høyrast ut som noko lettvint samanlikna med den planlagde og tradisjonelle dåpen i gudstenesta. Men tilbakemeldingane frå dropp-inn-dåp rundt i landet viser at det blir opplevd som høgtideleg og verdifullt. Det er ein fullverdig dåp, der ein blir møtt av Guds kjærleik.  Dåpshandlinga er basert på tillit til at Guds lovnader ber heile livet gjennom.

Mange tenker på barnedåp med press om stort selskap og mykje stress. Det treng ikkje vera slik. Dåpen gir medlemskap i Den norske kyrkja.

Kvite klede?

Det er ingen retningsliner for kva den som blir døypt skal kle seg i. Kom som du vil; med finklede, dåpskjole eller kvardagsklede. Det er fullt mogeleg å ta med seg gjester dersom du ønskjer det.

Dåpsfest etterpå

Kyrkja inviterer til kake, kaffi og brus etter dåpsseremonien. Det er heilt frivillig. Men på den måten slepp ein å førebu noko til etter dåpen. Alt er gratis.

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt.

Sokneprest Kari Vik Stuhaug

 

Dropp-inn-dåp på Haugalandet – opne for alle uavhengig av bustad:

Lørdag 22. oktober kl. 12-14 i Vår Frelsers kirke, Haugesund. Evt. påmelding på www.kirken.no/haugesund. Spørsmål? Ring 52 80 95 00

Lørdag 29. oktober kl. 12-14 i Ølen kyrkje. Evt. påmelding på www.vindafjord.kyrkjer.no. Spørsmål? Ring prest Kari Vik Stuhaug 47 25 35 29

Lørdag 5. november kl. 12-14 i Aksdal kyrkje, Tysvær. Evt. påmelding på www.tysvaerkirken.no. Spørsmål? Ring prest Dag Tormod Milje 93 41 54 01

Tilbake